Norske kommunar druknar i byråkrati. Stadig meir ressursar må nyttast
på å oppfylla lover, forskrifter, retningsliner og krav framfor å yta
tenester til innbyggjarane.
Konsulentselskapet Difi har nyleg levert ein ny rapport til Kommunal-
og regionaldepartementet. Den tek føre seg utviklinga av statleg styring på
tre område dei siste ti åra: Grunnskule, helse/pleie/omsorg og miljøvern.
Kva har skjedd på denne tida? Jau, vi har fått ein sterk auke i statleg
regelverk, rapporteringsordningar, handlingsplanar og statlege tilsyn.
Enkelte grupper har og fått lovfesta rettar som kommunane skal følgja opp.
Resultatet er at kommunane slit med aukande byråkrati og redusert lokalt
handlingsrom.
Slik kan det ikkje halda fram. Får ikkje politikarane bukt med denne
utviklinga, vil problema og frustrasjonen i kommunal forvaltning berre bli
større og større.
Rett som det er proklamerer nye statsrådar at dei skal redusera
skjemaveldet, og gjera det lettare for både bedrifter og offentlege etatar å
gjera den eigentlege jobben sin. Men det motsette skjer. Stadig nye skjema
og krav blir lanserte. For staten er det viktigare at det blir utarbeidd
planar og skrive rapportar enn at folk får den hjelpa dei treng.
Det er ikkje rart at skular må leggjast ned og sjukeheimsavdelingar
stengjast når lærarar, rektorar og pleie- og omorgsarbeidarar heile tida må
bruka meir av tida si på nye reformer og krav. No er det på høg tid at vi
set fokus på det viktigaste: Å undervisa borna og ta oss av våre eldre og
sjuke.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete må visa at politikk
er meir enn ord. Handling må til for at vi skal kunna ta vare på det
kommunale sjølvstyret og utnytta dei lokale ressursane best mogeleg.
Då kan ikkje detaljstyringa frå staten halda fram!