Etter alt oppstyret rundt parkeringssituasjonen i Ytre Arna sentrum var det
mange som hadde forhåpningar om at bystyret ville finna ei løysing på møtet
denne veka. Men slik gjekk det ikkje. Fleirtalspartia
ville ikkje gå med på noko framleggsom forplikta kommunen
til å gå inn med pengar i eit parkeringsanlegg. Dermed er ein like langt.
Arbeidet med å rusta opp Peter Jebsensveg gjennom sentrum er no starta opp.
Dét inneber ein svært redusert tilgang på parkeringsplassar i
anleggsperioden. Problemet er at denne situasjonen kan bli permanent. Mange
av biloppstillingsplassane som folk hittil har nytta, forsvinn som følgje av
at miljøgata blir etablert. Håpet mange har klamra seg til er at dette skal
pressa fram bygginga av eit parkeringshus. Men no heng denne løysinga i ein
tynn tråd.
Å finansiera eit slikt anlegg utan kommunal medverknad, blir truleg umogeleg.
Og utan p-anlegg går både butikkane og kulturlivet ei trasig framtid i møte.
Men det finst eit ørlite håp. I ein merknad vedtok bystyrefleirtalet å opna
for at kommunen kan medverka til ei løysing gjennom lån og garantiar.
Å lånefinansiera heile parkeringshuset inneber at det ikkje blir rom for
gratisplassar. Dét er ei løysing mange vil oppfatta som svært provoserande.
Her fjernar kommunen eksisterande parkeringsareal for næringslivet og
kulturhuset, og så skal kundar og publikum måtta betala for å setja bilen
frå seg på erstatningsarealet! Dette kan føra til at fleire handlar andre
stader, og at oppslutninga om kulturaktivitetane går ned.
At bystyret ikkje maktar å ta den prekære situasjonen i Ytre Arna innover seg,
er tragisk. Staden treng ei snarleg og konkret løysing, ikkje fleire rundar
med ørkeslause diskusjonar som endar ut i ingenting!