Det slo ned som ei bombe på Osterøy i førre veke at leiinga ved Borge Garveri
AS måtte ta den tunge vegentil
skifteretten med verksemda. Også for dei tilsette var det ei
overrasking at det stod så ille til, sjølv om det har vore permitteringar og
produksjonsproblem i vinter.
No har 70 tilsette mist jobben. Finanskrisa har dermed ført til nær dobling av
arbeidsløysa i kommunen. Svært få av dei vil kunna finna seg ny jobb i andre
industribedrifter på Osterøy. Alternativet blir å søkja seg til fastlandet.
For både dei tilsette og familiane deira er konkursen svært tragisk. At så
mange blir utan arbeid i ein kommune som Osterøy, vil også kunna merkast på
kommuneøkonomien. Sjølv om det har vore strid rundt verksemda opp gjennom
åra på grunn av miljøulempene drifta har ført med seg, er det ingen som har
grunn til å applaudera det som no har skjedd.
Garveriet i Kårvika er ei av dei eldste industribedriftene på Osterøy, med ei
historie som går tilbake til 1870. Verksemda vart etter kvart kjent som
Borge Kromlærfabrikk, og var i ein lang periode den største
industriarbeidsplassen i kommunen.
Borge Garveri AS har gjort det godt som skinnleverandør til motebransjen, og
har dei seinare åra eksportert nesten heile produksjonen. Selskapet har
difor raskt vorte påverka av internasjonale konjunkturar. Høge råvareprisar
og sterk kronekurs var blant det som til slutt tok knekken på bedrifta.
Det ligg store utfordringar i å hjelpa dei som no står utan arbeid. Håpet er
først og fremst at det skal vera mogeleg å starta opp ny verksemd i Kårvika.
Bygningane står der, og maskinene er klare til vidare produksjon. Sjølv om
det skulle bli garveridrift i mindre målestokk enn hittil, vil det vera
betre enn ingenting. Verda vil ha behov for skinn til sko, vesker og klede
også i tiåra som kjem.
Vi kryssar difor fingrane for at det finst ei løysing som vil gje nye
arbeidsplassar i garverinæringa på Osterøy.