Skulekamp i ein vekstbydel



Det vil vera uklokt å leggja ned skular i ein bydel i vekst.


Publisert: 07. mai. 2010, 10:07
Oppdatert: 07. mai. 2010, 10:07


Før sommaren kjem byrådet til å leggja fram ein ny skulebruksplan for Bergen. For Arna sitt vedkomande knyter spenninga seg særleg til kva som skjer med Ytre Arna og Haugland skular. No varslar foreldre og lokalpolitikarar kamp for å få behalda dei som i dag.

Folketalet i Arna har så smått begynt å røra på seg. Etter mange år med stagnasjon har ei relativt omfattande bustadbygging etter kvart begynt å gje ein svak vekst. Men i innbyggjartal er Arna framleis veslebror i den store bykommunen.

Frå kommunesamanslåinga i 1972 har folkesetnaden i bydelen berre auka med 6,6 prosent, medan til dømes Åsane har hatt ein vekst på 104 prosent. Det viser kvar potensialet ligg i framtida. Sjølv om mykje av arealet i Arna er fjell og vidder, er det ingen tvil om at Bergen her har ein stor tomtereserve.

Ved årsskiftet budde det 12.546 personar i Arna, medan Åsane var blitt ein mellomstor norsk by på nær 40.000. Etter kvart som arealet er utnytta der og i andre bydelar, vil fleire og fleire venda blikket mot Arna. Ikkje minst når dobbeltsporet og ein framtidig biltunnel er på plass.

I eit slikt perspektiv vil det vera uklokt å leggja ned skular i bydelen. Det er allereie store planar om bustadbygging på «Arnas tak» mellom Indre og Ytre Arna. Dette kan på sikt få innverknad på elevtalet i opptaksområda for både Haugland og Ytre Arna skular.

I mellomtida vil det vera fornuftig å vurdera forslaget frå Arna KrF om å flytta elevar frå nabobygdene Blindheim og Hetlebakke til Haugland. I dag høyrer desse elevane til Kyrkjekrinsen i Åsane. Å endra opptaksområdet vil kunna gje Haugland skule eit elevtal som sikrar vidare drift, samstundes som Ytre Arna kan oppretthaldast som skule for 1.-10. trinn.

Å leita etter løysingar som inneber nedlegging på Haugland, vil vera lite framtidsretta. Sitat I eit slikt perspektiv vil det vera uklokt å leggja ned skular i bydelen.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt