Øyrane Torg har gjort ei rekkje personar i og utanfor Arna til millionærar. Då
selskapet blei stifta tidleg på 90-talet, var aksjonærane i hovudsak
forretningsdrivande som skulle inn i senteret. I 2005 kom oppkjøparar på
bana og bladde opp det tidoble av det gründerane ein gong investerte.
Dei som då satsa på kjøpesenteret i Arna var investorane Frode Johnsen og
Einar Nistad. Johnsen har sidan selt seg ut i to etappar, og sit no att med ein
gevinst på eventyrlege 61 millionar kroner. Pengar som kan
koma godt med når ein ny næringspark skal realiserast på Storaneset.
Vi kan meina mykje om personar som håvar inn millionbeløp berre ved å sitja
med eigarinteresser i ulike selskap. Men utan at folk tener noko på
pengeplasseringane sine, ville samfunnet ha stoppa opp. Då hadde det ikkje
blitt investert i næringsliv eller eigedom. Utbyggingsstopp og tap av
arbeidsplassar hadde blitt resultatet.
Frode Johnsen er ein av dei som skaper aktivitet i Arna. Ei rekkje
byggjeprosjekt er realiserte, og fleire er på trappene. Mest spenning knyter
det seg til gigantprosjektet som skal gje bydelen eit heilt nytt
varespekter. Kvitevarer, møblar og andre arealkrevjande vareslag kan bli å
finna på Storaneset når eigedomsmassen til over hundre millionar kroner er
på plass.
Dette vil vera eit viktig supplement til Øyrane Torg, og medverka til at Arna
får eit langt betre vareutval enn i dag. Skal ein redusera handelslekkasjen,
er det viktig å kunna tilby det kundane treng og vil ha.
I Åsane er det planar om nye, store forretningsbygg. Både daglegvarekjedar og
andre vil ha sin del av marknaden i denne folkerike bydelen. Skal butikkane
i Indre Arna vera med i kampen om kundane, må det skje ei utvikling også
her. Difor er planane på Storaneset viktige for alle som driv forretning ved
Arnavågen. Men prosjektet må ikkje bli ein sovepute. Også Øyrane Torg må
utvikla seg vidare. Kanskje det snart er på tide med endå ei utbygging?