Garveriet i Lonevåg har vore i drift i generasjonar, og har spelt ei viktig
rolle for sysselsetjinga i kommunen. Når ein så stor arbeidsplass må leggja
inn årene, er det eit enormt tap for lokalsamfunnet. Det berører ikkje berre
dei tilsette, men også familiane deira.
Osterøy har for alvor fått merka konsekvensane av at Noreg er eit høgkostland.
Både når det gjeld løner, avgifter, produksjons- og transportkostnader ligg
vi på eit nivå som kan gjera det vanskeleg å konkurrera i ein internasjonal
marknad.
Borge Garveri vart offer for både finanskrisa og ei rekkje uheldige omstende
som inntraff samstundes. Konkursen var difor ikkje til å unngå. Den usikre
økonomiske situasjonen som dei siste vekene har utvikla seg i Europa, har
heller ikkje gjort det lettare å få stabla på beina eit nytt driftsgrunnlag.
Då både storkunden Louis Vuitton i Frankrike og ein norsk investor sa nei
til å bli med på laget, var det kroken på døra for godt.
Dei fleste hadde i det lengste håpa på ei løysing. Ny drift i mindre målestokk
enn før ville i alle høve ha gjeve arbeid til ein del av dei tidlegare
tilsette. No må både eigarane og kommunen innsjå at ein epoke er over. Det
største garveriet i landet er historie.
Tilbake står ein liten hær av industriarbeidarar utan arbeid. Garveriyrket er
så spesielt at mykje av kompetansen er vanskeleg å utnytta. Men dyktige
arbeidstakarar kan raskt omskolera seg. Og i mange yrke vil arbeidsinnsats
og arbeidsmoral vera faktorar som blir vektlagt minst like mykje som
formelle kvalifikasjonar.
Etter kvart som det blir fart i næringslivet att, vil fleire kunna få seg
jobb. I mellomtida gjeld det å halda motet oppe og utnytta dei sjansane som
byr seg.