Av alle som vart alderspensjonistar i 2008 var berre 21,8 prosent yrkesaktive
det siste året, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå. For dei fleste startar
overgangen til pensjonisttilværet med uføretrygd eller avtalefesta pensjon
(AFP).
Trass i at vi lever stadig lenger, sluttar vi altså tidlegare i yrkeslivet.
Dette forlengar tida som pensjonist, og medfører kraftig auke i
pensjonskostnadane. Det mest urovekkjande er likevel at så mykje som 40
prosent av den eldre arbeidsstyrken hamnar på uførepensjon. Dét fortel litt
om kor vanskeleg det er for mange å oppfylla dagens krav til produktivitet
og inntening når ein blir eldre. Dei som slit fysisk eller psykisk på
jobben, vel uføretrygd dei siste åra framfor å slita seg heilt ut på
arbeidsplassen.
Held utviklinga fram, kan vi få problem med å dekka pensjonsrekninga.
Heldigvis har vi eit stort pensjonsfond å ta av, men når dei yrkesaktive
blir stadig færre i høve til talet på pensjonistar, vil også dét kunna bli
tømt ein dag.
Ute i Europa må land etter land no ta konsekvensen av ein skakkjørt økonomi. Å
auka pensjonsalderen er eitt av dei upopulære verkemidla som blir
gjennomførte. Fleire må arbeida lenger for å vera med og dekka staten sine
utgifter. I Noreg ønskjer styresmaktene å få folk til å arbeida meir gjennom
frivillige ordningar. Den nye pensjonsreforma opnar for at du kan ta ut
pensjon frå du er 62, og arbeida så mykje du vil ved sida av – utan
avkorting. Samstundes aukar pensjonen din for kvart år du går i jobb.
Dette kan vera ei gunstig ordning for svært mange, og særleg for yrkesaktive
som elles ville ha hamna på uføretrygd. Å arbeida litt er betre enn
utelukkande å vera passiv mottakar av statlege ytingar frå tidleg i 60-åra.
Den største utfordringa blir å få arbeidsgjevarane til å satsa på eldre
arbeidstakarar. Mange har erfart at seniorar ofte hamnar lengst nede i
søknadsbunken fordi bedriftene heller ønskjer å tilsetja yngre og rimelegare
arbeidskraft. Dette er ei utvikling som må snu dersom intensjonane i
pensjonsreforma skal oppfyllast.