Imponerande innsats



Dugnadsånda på Osterøy er imponerande stor, og har skaffa kommunen og innbyggjarane ei rekkje sentrale tilbod og arenaer ein elles ville vore forutan. Den har gjort - og gjer - Osterøy til ein stadig betre plass å bu for liten og stor.


Publisert: 04. jun. 2010, 11:01
Oppdatert: 04. jun. 2010, 11:02


No er det idretten i Haus som skal få betre vilkår for å driva med sitt. Men ikkje berre idretten, for også skulen og barnehagen ser fram til fleirbruksanlegget som skal koma like ved dei.

Grunnarbeida starta sist helg. 25 anleggsarbeidarar stilte med maskiner og muskelkraft, og brukte dagar og kveldar på bygda si. Ein gruslagt idrettsplass skal prydast med tidsriktig kunstgrasdekke, og rundt det grøne rektangelet blir det moderne løpebaner for friidrett. Det kjem eit kast- og hoppområde og ein ballbinge, som i tillegg til fotball kan nyttast til basket- og handball. Det er eit stort og viktig løft Hausvik FK legg opp til i samarbeid med grendarådet og friidretten i Osterøy IL. Viktig for idrettsaktiviteten, ja, men utan tvil også for oppvekstvilkåra i Haus.

Eit tilsvarande løft er på trappene i Fotlandsvåg. Heller ikkje praktanlegget i Fugledalen hadde blitt noko av utan stor innsats frå eldsjeler, engasjerte bygdefolk og eit støttande næringsliv. For nokre år sidan la Valestrand Hjellvik kunstgras på Furubakken, og bygda betalte rekninga ved å byggja gamleskulen om til omsetjelege leilegheiter.

Dette er berre idretten. På mange andre arenaer, ikkje minst innan kultur, er det på same måten. Dette må plassera dugnadsviljen på Osterøy heilt i noregstoppen.

Men slik blir det gjerne i ein fattig kommune. Gjennomgongsmelodien dei siste åra er blitt slik at vil ein ha noko gjort, så må ein gjera det sjølv. På Osterøy står ein ikkje lenger med hua i handa. Der nokre har vist veg med kreatitivtet og pågangsmot, følgjer stadig fleire etter.

Mange misunner truleg aktørar i Bergen, som får det meste opp i hendene. Ikkje gjer det. Handlekrafta og engasjementet lokalt har ein verdi i seg sjølv. Utover dei flotte anlegga og aktivitetane som veks fram på øya.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt