No er han her att, den grøne veggen som stengjer for utsyn langs vegane
våre. Og han blir kraftigare og meir ugjennomtrengjeleg for kvart år som
går. Det er på høg tid det blir sett i verk tiltak for å få bukt med
problemet.
Før sette skogeigarane si ære i å halda landskapet ope. No gror
det att meir og meir. Der det tidlegare var vakker utsikt, ser vi berre tre.
Vi skimtar så vidt den vakre fjorden mellom greinene her og der - og håpar
det snart må koma ei opning. Så, før vi får tid til å tenkja ein ny tanke,
er vi inne i ein tunnel.
Det er altså dette vi tilbyr turistane som kjem hit for å oppleva
det fantastiske Vestlandet med fjordar, fjell og fossar. Landskapet er mange
stader imponerande vakkert, men det blir sjeldnare og sjeldnare mogeleg å
sjå det. Gjer vi ikkje ein innsats for å betra utsynet langs vegane, kan det
ramma turistnæringa hardt. Kven vil vel betala i dyre dommar for å koma til
Noreg når det ikkje lenger går an å sjå alt det flotte vi har å by på?
Her må Statens vegvesen ta affære snarast råd. Det er ei skam at
landskapet skal gro igjen på denne måten. Det må ikkje bli slik at det berre
er der det finst eigne utsiktsplattformer vi kan nyta synet av
vestlandsnaturen. Rett nok er slike utbygg gode tiltak, men det er mykje
viktigare å setja av pengar til generell landskapspleie langs vegane.
Både staten, kommunane og grunneigarane elles må no ta dette
problemet på alvor. Skogrydding er ei viktig oppgåve som altfor mange
forsømmer!