Felles gravplass for heile kommunen?



I løpet av nokre år kan det bli slutt å gravleggja dei døde i heimsokna.


Publisert: 11. jun. 2010, 10:45
Oppdatert: 11. jun. 2010, 10:45


I kommuneplanen for perioden 2010-2022, som Osterøy formannskap no legg ut på høyring, er det føreslege å setja av areal til ein felles gravplass for heile Osterøy. Dét betyr at det i løpet av nokre år kan bli slutt på å gravleggja dei døde i heimsokna.

Å ta farvel med eit familiemedlem er alltid tungt. Å fylgja våre kjære til grava, skaper sterke kjensler. I dag er det fem kyrkjer på Osterøy. Alle med gravplass rundt, eller like i nærleiken. Mange ostringar har både foreldre, besteforeldre, onklar, tanter og andre i slekta liggjande på same kyrkjegard – i den sokna dei budde eller kom frå.

Det vil naturleg nok skapa reaksjonar dersom politikarane går inn for å endra slike langvarige tradisjonar. For det første vil det føra til at pårørande ikkje lenger får ha familiegravene samla på éin stad. Dette vil gjera arbeidet med å stella gravene meir tungvindt. For det andre vil det kjennast feil for mange å frakta den avlidne og gravfølgjet mange kilometer bort frå kyrkja etter seremonien for å føreta jordfestinga. Det kan føra til at kremasjon blir meir vanleg.

Frå ein kommunal synsstad vil det vera eit viktig poeng å få fleire til å velja kremasjon. Ei urnegrav tar mindre plass enn ei kistegrav, og vil difor bli ei rimelegare løysing. I tillegg vil det på sikt vera mindre ressurskrevjande å driva èin gravplass enn fem. Det vil også vera mykje billegare å etablera ein stor, ny minnelund, enn stadig å måtta opparbeida nytt areal rundt om i alle soknene.

Økonomiske motiv står svært sentralt i denne saka. At det faktisk også byrjar å bli vanskeleg å finna eigna areal enkelte stader, speler sjølvsagt også inn, men umogeleg er det ikkje. No blir spørsmålet kva ostringane sjølve meiner. Er det tradisjonane eller kommuneøkonomien som er viktigast?





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt