Mindre byråkrati i norsk skule



Ei rekkje statsrådar har opp gjennom åra lova å gå til kamp mot byråkratiet og skjemaveldet. Ingen har lukkast.


Publisert: 15. jun. 2010, 13:19
Oppdatert: 15. jun. 2010, 13:19


Før helga vart stortingsmeldinga om lærarane sin tidsbruk lagt fram. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen ønskjer no å gjennomføra tiltak for at meir av arbeidstida skal gå til undervisning.

Dette er på høg tid. Ei rekkje undersøkingar har vist at norske elevar gjer det dårlegare på kunnskapstestar enn born i mange andre land. Noko av forklaringa er at mykje av av arbeidstida forsvinn i heilt andre gjeremål enn å undervisa.

Blant det lærarane meiner dei nyttar for mykje tid på er pålagde møteaktivitetar, pålagt samarbeid, uro i klasserommet, frukt- og matservering, dokumentert elevvurdering og tilrettelegging og bruk av IT-utstyr.

Det er ikkje overraskande at skulen, som alle andre offentlege etatar, er blitt offer for den overbyråkratiseringa som har prega samfunnet vårt dei siste tiåra. Reformer, planar, rapportering og krav om dokumentasjon stel meir og meir ressursar. Sjølv om det blir oppretta fleire stillingar i det offentlege, blir det ikkje produsert fleire tenester til innbyggjarane.

Kristin Halvorsen er ikkje den første som prøver å gjera noko med dette. Ei rekkje statsrådar har opp gjennom åra ova å gå til kamp mot byråkratiet og skjemaveldet. Ingen har lukkast. I staden kjem det stadig nye krav til både offentlege etatar og private næringsdrivande. Difor er det viktig at regjeringa no får til noko på området.

Det seier seg sjølv at kvaliteten i norsk skule er svært avhengig av at vi har dyktige og motiverte lærarar. Når mykje av arbeidstida går med til andre gjeremål enn førebuing og undervisning, er det elevane som taper på det. No må primæroppgåvene prioriterast, slik at vi får ein fagleg god skule.

Både offentleg og privat sektor vil på sikt bli skadelidande dersom vi ikkje får fokus tilbake på det viktigaste: Å få borna til å tileigna seg kunnskap.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt