Er karakterar i barneskulen ein uting, eller eit tiltak som kan få
elevane til å strekkja seg lenger enn dei gjer i dag? Blant dei politiske
partia er synet delt. Både Høgre og Framstegspartiet ønskjer å innføra
karakterar frå 5. klasse, medan dei raudgrøne vil halda fram med noverande
ordning - der ein først møter karakterpresset på ungdomssteget.
Det vi veit er at både born og vaksne har godt av at det blir stilt
krav til dei. Dersom ingen ventar seg noko av deg, manglar du motivasjon for
å gjera ditt beste. Spørsmålet er korleis vi kan stilla krav på best mogeleg
måte.
I Sverige er det lagt fram ein rapport som viser at også svake elevar
har nytte av karakterar på barnesteget. På 70-talet fjerna Sverige
karakterane i barneskulen. Dette førte til at færre born av foreldre med
lågare utdanning fullførte vidaregåande. No blir karakterar innført att frå
6. klasse.
Ein ting er alle samde om: Både elev og foreldre treng tilbakemelding
om kvar barnet står reint fagleg. Greier barnet å få med seg kunnskapen som
skal lærast på kvart klassesteg?
Karakterar er eit svært tydeleg system i så måte. Oppnår du dårlege
resultat, har du høve til å leggja inn eit ekstra gir, slik at du kan
forbetra deg til neste gong. Andre former for skriftleg tilbakemelding kan
og vera tydelege, men likevel bli tatt mindre på alvor. Karaktersystemet
møter borna på ungdomsskulen og vidaregåande skule, og det dei oppnår legg
grunnlaget for kva dei kan bli seinare i livet. At elevane blir kjende med
dette også på mellomsteget, kan gje betre resultat på sikt.
Uansett må vi ikkje vera redde for å stilla krav til borna. Det er
det dei skal veksa på.