Makta på feil plass



Korleis møter politikarane det som kan bli den nye tidsrekninga for kommunen?


Publisert: 25. jun. 2010, 10:26
Oppdatert: 25. jun. 2010, 10:26


At bydelsstyret i Arna ikkje ville få særleg mange spennande saker å jobba med, var klart alt før bydelsstyreordninga blei vedtatt.

Det var langt frå like klart at også heradsstyret på Osterøy skulle hamna i same situasjon. Rådmannen og formannskapet har no fått delegert så mykje makt at det er berre sandpåstrøing og litt av kranglinga att til heradsstyret, som framleis er det øvste politiske organet og kan gjera akkurat som det vil med innstillingar både frå rådmannen og formannskapet.

Heradsstyret på Osterøy har to vegar å gå dersom ein ønskjer å retta på maktbalansen. Det kan anten ta tilbake ein del av fullmaktene rådmannen og formannskapet har fått av dei 27 folkevalde, eller innføra hovudutval som skal ta debatten i dei ulike sakene og ha innstillingsrett til heradsstyret.

Det finst også kombinasjonar av både desse to måtane å gjera det på og andre, som til dømes dei to nemndene kommunen har i dag, skulenemnda og vegnemnda. Dette er spesialutval sette saman av representantar frå heradsstyret, og der det bør opnast for å ta med folk som ikkje er med i heradsstyret, men som har spesialkompetanse på dei ulike fagfelta.

Snart skal Osterøy selja det gigantiske næringsarealet på Espevoll. Dette er det ikkje kommunen som eig, men det er i høgste grad i politikarane si interesse at det kjem industri på området som vil tena kommunen. Politikarane bør vera i forkant av utviklinga og så raskt som mogeleg etter valet neste år etablera ei eiga næringsutviklingsnemnd. I 2014 blir det gratis å kjøra over Osterøybrua. Korleis møter politikarane det som kan bli den nye tidsrekninga for kommunen? Ved å halda fram med å la formannskapet ha altfor mykje å gjera, og heradsstyret nesten ingenting? Eller ved å innføra utval som får spennande spesialoppgåver og skal planleggja nokre år framover?

Ved å velja det første skal partia få det tøft med å rekruttera dyktige folk til å takka ja til å stå på kommunevallista. Det er ingen på Osterøy tente med.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt