Neppe nedleggingar



Vi vil bli overraska dersom bystyret vedtar å leggja ned skular i Arna.


Publisert: 02. jul. 2010, 08:23
Oppdatert: 02. jul. 2010, 08:23


Både på Trengereid, Haugland og Ytre Arna vart dei nok skuffa over at ikkje byråden hadde utelukka alle drastiske endringar for dei tre skulane i høyringautkastet til ny skulebruksplan. I planen går det fram at både Haugland og Trengereid kan leggjast ned, medan ungdomane i Ytre Arna kan gå på Garnes ungdomsskule.

Men kjem dette til å skje? Neppe. Ikkje berre fordi dei fleste partia ikkje ønskjer å leggja ned skular, men det er også ei rekkje andre årsaker til at foreldra i Arna kan pusta letta ut.

For Haugland sitt vedkomande er skulen nesten for stor til å bli lagt ned. Og dei politikarane som måtte vera usikre på kor dårleg idé det er å leggja ned skulen, vil bli overtydde etter å ha lese den usedvanleg grundige rapporten til ressursgruppa ved skulen.

Trengereid skule vil overleva delvis grunna den lange avstanden til Garnes skule. Det er sjølvsagt også ei rekkje andre årsaker til at skulen neppe blir lagt ned, ei av dei er at kommunen vil spara lite på å gjera det.

At skulen blir slått saman med Garnes skule og får felles leiing og administrasjon vil truleg vera ein liten kamel å svelgja både for foreldra og dei tilsette, for ingen vil missa jobben. Det viktigaste er ikkje å missa skulen, som tyder utruleg mykje for heile bygda.

Det kunne kanskje ha vorte fleirtal i bystyret for å flytta ungdomane i Ytre Arna til Garnes, men så lenge Haugland-elevane blir på Haugland, blir nok også Ytre Arna-ungdomane i Ytre Arna. Også her kan ei aktuell løysing bli at Haugland skule blir ein del av Ytre Arna skule og får felles leiing og administrasjon. Haugland er truleg stor nok til at det neppe er dei heilt store pengane å spara på dette.

Heller ikkje argumentet om at skulane har mykje ledig areal er godt nok til å gjera dei store endringane. Skulane treng arealet både for å møta framtidig innbyggjarvekst i Bergen og for å kunna ha fleksibelt nok areal til å driva tilpassa opplæring.

Vi vil bli overraska dersom bystyret vedtar å leggja ned skular i Arna.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt