Ulogiske skattegrenser



Toro og Janus må betala eigedomsskatt, men Asko slepp unna. Logisk?


Publisert: 14. jul. 2010, 10:19
Oppdatert: 14. jul. 2010, 10:19


Få saker engasjerer meir enn saker som svir i lommeboka. Då Osterøy innførte eigedomsskatt for tre og eit halvt år sidan var Bygdanytt sine spalter proppfulle av lesarbrev frå illsinte ostringar. Dei likte dårleg å måtte punga ut med 3.000-4.000 kroner ekstra årleg til kommunen.

Ingen av partia stemte for skatten med lett hjarte, men i dag kan ein trygt slå fast at utan ekstrainntekta frå eigedomsskatten hadde det oppsamla underskotet til kommunen vore langt høgare enn det er i dag. Årleg får Osterøy inn over 13 millionar kroner i eigedomsskatt.

I øykommunen betalar nesten alle eigedomsskatt. Unnatak er gjort til dømes for helselaga sine omsorgsbustader.

I Bergen betalar heller ikkje alle eigedomsskatt, men her har nok utgangspunktet vore den litt upresise regelen i lova om at dei som bur i område som ikkje er bymessig utbygt kan sleppa å betala.

Kanskje det var slik for nokre tiår sidan, men fleire av gardsnummera på «landsbygda» den gong ligg i dag godt innanfor det som kan kallast bymessig utbygt. Grensene for kven som må betala og kven som slepp unna, er fleire stader ulogiske.

Slik er det i Arna, og slik er det i dei fleste bydelane. Toro og Janus må betala eigedomsskatt, men Asko slepp unna. Logisk?

Også for privatbustader oppstår det eit ulogisk skilje når to naboar som bur få meter frå ein annan, i eit tilsynelatande likt utbygt område, hamnar på kvar sine sider av eigedomsskattegrensa.

Det er kanskje på tide å oppdatera kvar desse grensene skal gå, og definera eit meir tidsriktig bilete av kva som er bygd og kva som er by.

Alternativt kan ein innføra eigedomsskatt for alle eigedomar i heile kommunen. Det er kanskje det enklaste. Og det mest rettferdige.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt