Er du blant dei som trur at du skal få råd til å leva det gode liv som
pensjonist berre ved hjelp av folketrygd og tenestepensjon? Det er store
sjansar for at du blir skuffa.
Mange nordmenn har eit feilaktig bilete av kva dei kjem til å få utbetalt når
dei sluttar i jobb. I ei fersk undersøking som Respons Analyse har utført
for Sparebank 1 svarar 35 prosent av dei spurde at det meste dei kan
akseptera i inntektsnedgang som pensjonistar er 20 prosent. Samstundes seier
eit stort fleirtal at dei ikkje sparar ekstra til pensjon.
Ei anna undersøking, som Nordea har fått utført, viser at åtte av ti ønskjer å
gå av før dei fyller 67 år. Langt over femti prosent vil ut av yrkeslivet
før dei er 64, og 17 prosent før dei er 62. Dette heng ikkje på greip.
Mange nordmenn nyttar mykje pengar på reiser og opplevingar. Når dei blir
pensjonistar, vil dei få tid til å nyta livet endå meir. Men god inntekt i
dag betyr ikkje at du har like mykje i lommeboka når du sluttar i arbeid.
Den nye pensjonsreforma legg opp til at du får mindre i årlege utbetalingar
di tidlegare du pensjonerer deg. Sjølv med tenestepensjon kan mange oppleva
at løna blir halvert. Ikkje ein gong dei som har dei beste ordningane i
offentleg sektor kan venta seg meir enn maksimalt 70 prosent av løna i
pensjon om dei arbeider til dei er 67.
Difor er det viktig å spara til pensjon også på eiga hand. Og det er viktig å
koma i gang tidleg. Utset du pensjonssparinga til du er 40-50 år, blir det
mykje mindre å henta ut enn om du startar når du er 25.
Dei som sit med nedbetalt hus eller annan eigedom, har alltid noko i bakhand.
Men stadig fleire går inn i pensjonisttilværet med høg gjeld. Dét er ikkje
noko som er lett å kombinera med ein låg pensjon.
Å planleggja økonomien for alderdomen er langt viktigare no enn før. I og med
at vi lever stadig lenger, men vil gå tidlegare ut av yrkeslivet, blir det
fleire som skal ha pensjonsytingar og færre til å tena pengane som trengst
for å halda systemet i gang.
Det einaste du kan gjera for å vera førebudd, er å ta ansvar sjølv.