Meir makt til bydelane



Det er fornuftig å ha eit politisk organ som kan tala bydelane si sak inn mot maktapparatet.


Publisert: 31. aug. 2010, 10:16
Oppdatert: 31. aug. 2010, 10:16


Bydelsstyra i Bergen har fått hard medfart i det siste. Ifølgje Bergens Tidende meiner svært få av bergenspolitikarane at ordninga bør vidareførast i si noverande form.

Å tolka dette som at bydelsstyra er modne for skraphaugen, blir likevel heilt feil. Det mange kritiserer er at dei lokalpolitiske utvala har altfor lite makt. Spørjeundersøkinga som er gjennomført viser at berre 7,9 prosent av bydelspolitikarane meiner at ordninga bør leggjast ned. I bystyret meiner 44 prosent det same. Det er med andre ord fleirtal for å vidareføra eit slikt lokalt nivå innanfor bergenspolitikken, men innhaldet må vurderast.

Bydelane i Bergen varierer mykje i folketal, frå Arna med sine 12.500 innbyggjarar til Åsane, som har 39.000. Felles for alle er at dei er større enn mange av kommunane i Hordaland, som har sine eigne folkevalde styre og utval. I Bergen, Noregs nest største by, blir avstanden mellom grasrota og rådhuset lang. Det er difor fornuftig å ha eit politisk organ som kan tala bydelane si sak inn mot maktapparatet.

Men bydelsstyra kan ikkje berre vera høyringsinstans. Dei må ha fornuftige oppgåver som gjer at det kjennest gjevande å vera lokalpolitikar. Det er her ordninga sviktar i dag. No er bydelsstyra supperåd utan reell påverknad. Og slikt treng vi ikkje.

Dersom bystyret går inn for å vidareføra ordninga, må det vera i ei heilt anna form enn i dag. Kommunepolitikarane må visa så pass respekt overfor dei som tar på seg eit verv, at dei må gje dei fornuftige oppgåver. Dette er ein føresetnad for at bydelsstyra skal vera ein styrke for lokaldemokratiet.

Engasjement, debatt og større interesse for politisk arbeid kan bli resultatet dersom ordninga blir utforma på rett måte. Dét vil alle partia kunna tena på.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt