Byråd Øistein Christoffersen vil stikka kjeppar i hjula for Museet Gamle
Vossebanen. Frp-politikaren føreslår å halvera strekninga som veterantoget
kjører. Får Christoffersen det som han vil, må togentusiastane i framtida
nøya seg med å kjøra lokomotiv og vogner mellom Garnes og Haukeland, medanstrekninga
vidare til Midttun blir omgjort til sykkelsti.
Vi håpar inderleg at Øistein Christoffersen ikkje har støtte frå resten av
byrådet i denne saka. Å leggja ned den mest interessante delen av
veterantog-traséen, vil gjera bana langt mindre attraktiv. Det er mellom
Haukeland og Midttun vi finn den mest dramatiske naturen, medan første del
av strekninga i stor grad er prega av bustader og næringsbygg.
Vi skjønar sjølvsagt behovet for å sikra betre tilhøve for syklistar og
fotgjengarar, men at det skal øydeleggja ein av Bergen sine mest særprega
turistattraksjonar, er å gå for langt. Då må ein heller sjå etter andre
løysingar, sjølv om dei blir dyrare å realisera.
Arbeidet med å rehabilitera og restaurera jernbanespor, stasjonar, vogner og
lokomotiv i Arna starta for rundt 30 år sidan. I dag har Museet Gamle
Vossebanen nasjonal vernestatus. Medlemmene i Norsk Jernbaneklubb har lagt
ned enormt med dugnadsarbeid i prosjektet. Og i fjor vart den store
drivkrafta bak tiltaket, Ivar Gubberud, heidra med Bergen kommune sin
kulturvernpris for oppbygginga av denne unike attraksjonen; den einaste
veteranjernbana i landet som går på hovudspor med damplokomotiv og
teakvogner.
Det verkar svært merkeleg at kommunen det eine året rosar prosjektet opp i
skyene, for deretter å vilja fjerna mykje av driftsgrunnlaget. Det blir så
feil som det går an. I staden for å øydeleggja store og viktige kulturminne,
bør byråden gjera det han kan for å oppmuntra til auka innsats blant dei som
driv med kulturminnevern.
Syklistane sine interesser må det gå an å ivareta på andre måtar.