Utviklinga av
Indre Arna



Jernbanespor og parkeringsplassar er sjeldan vakre innslag i landskapet.


Publisert: 07. sep. 2010, 10:04
Oppdatert: 07. sep. 2010, 10:04


Det spøkjer for dobbeltsporet gjennom Ulriken. Nok ein gong er det fare for at midlar blir omdisponerte til nødvendig vedlikehaldsarbeid andre stader. Skjer det, er det svært uvisst kva tid det kan koma nye pengar til Bergen. Og for kvart år som går blir prosjektet dyrare.

Det er brei politisk semje om at strekninga Arna – Bergen må oppgraderast. Nytt krysningsspor i Indre Arna, omfattande utbetringsarbeid i Fløen og ein ekstra jernbanetunnel gjennom fjellet kan få frekvensen på lokaltoget ned frå 30 til 15 minuttar. Og ikkje minst skal tilhøva for godstransporten betrast.

I morgon vil reguleringsplanen for det nye krysningssporet bli lagt ut på høyring. Planen får konsekvensar også for areal som grensar opp mot Arna stasjon i dag. Blir intensjonane innfridde, kan sentrale delar av Indre Arna få ei skikkeleg ansiktsløfting. Dét trengst.

Det er snart femti år sidan eit stort område mellom Arnavågen og Arna kyrkje vart lagt under asfalt og betong for å gje plass til ein ny, stor jernbanestasjon. Sidan togtunnelen opna i 1964 har det skjedd relativt lite endringar her. No vil Jernbaneverket og Bergen kommune leggja til rette for ei omfattande oppgradering, der det mellom anna vert sett av areal til nye senterfunksjonar og parkeringshus. I tillegg skal det lagast gangstiar og parkanlegg som fører til ei generell heving av kvaliteten i området.

Jernbanespor og parkeringsplassar er sjeldan vakre innslag i landskapet. Det er difor svært gledeleg dersom det blir gjennomført tiltak som kan gje sentrale delar av Indre Arna ei betre arkitektonisk utforming. Eit område skal ikkje berre vera funksjonelt, det skal også sjå fint ut og vera tilrettelagt slik at folk synest det er kjekt å ta det i bruk.

Men om planane lar seg realisera er avhengig av økonomi. Første steget er at det blir løyvd midlar til dei tiltaka Jernbaneverket sjølv skal gjennomføra. Då kan ein ikkje halda fram med å flytta pengane til andre prosjekt.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt