Dei som skundar seg langsamt



Kritikken mot dei nasjonale prøvane har stilna litt år for år.


Publisert: 20. jan. 2012, 11:04
Oppdatert: 20. jan. 2012, 11:04


Då dei nasjonale prøvane vart innførte her til lands for fem år sidan, gjekk det ikkje stille for seg. Å sortera elevar og skular ved hjelp av kjappe kunnskapstestar, var ein lite fruktbar måte å evaluera kvaliteten på undervisninga på, meinte motstandarane.

Kritikken mot dei nasjonale prøvane har stilna litt år for år. Dei fleste skuleleiarane ser nok etter kvart verdien av å ha noko konkret å måla seg mot, og politikarane har eit hendig verktøy på talarstolane. No fekk også engstelege foreldre noko å slå i bordet med om dei tykte undervisninga til gullungen var for dårleg.

På solskinsdagar som denne er det mange som vil sola seg i glansen, og det er vel fortent. Osterøyskulen har måtta tola mykje kritikk siste åra, og både lærarar, foreldre, skuleleiing, administrasjon og politikarar er nok letta over å sjå at skulesatsinga ber frukter.

Ord som «langsiktig», «jamt og trutt», og «er ikkje gjort over natta» skaper ikkje alltid dei store overskriftene, og kanskje heller ikkje alltid begeistring. Men fagfolka, pedagogane, er vane med å jobba målretta over tid. Til og med når utgangspunktet kjennest håplaust.

Det er denne seige stå-på viljen som gjev resultat, og ikkje paniske skippertak når desimalane dett ned på feil side av midtstreken.

No er det foreldre og politikarar sin tur å anerkjenna innsatsen dei mange tilsette i skular og barnehagar har lagt ned for å løfta kunnskapsnivået til borna opp på eit nasjonalt nivå.

Alle vil sjølvsagt vera betre enn gjennomsnittet, men forholda er små, og resultata vil nok sprika med åra. Pedagogar og skuleleiing skal ha klapp på skuldra, is i magen og ta ei velfortent helg. På måndag er det på´an igjen. Akkurat slik me vil ha det.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt