Bygdanytt har i lengre tid prøvd å få svar på i kva grad den kristne
bodskapen pregar undervisninga på Danielsen Ungdomskule Osterøy. Det ønskjer
ikkje skulen å svara på, og får medhald i dette frå kunnskapsdepartementet.
Vi meiner likevel at den type spørsmål bør kunna vera ein del av
samfunnsdebatten. Dette er viktige etiske og samfunnsmessige spørsmål som
ein ikkje skulle trengja å legga lokk over i 2012. Tema som skaping,
evolusjon, sex og midtaustenkonflikten har vore diskutert i det offentlege
rom i mange generasjonar, og korleis denne undervisninga føregår på private,
religiøse skular, meiner vi har offentleg interesse.
Både rektor Laila Eidsheim og ordførar Kari Aakre deler same
bekymringa, at debatten rundt desse spørsmåla ikkje vil vera særleg
fruktbar.
Med andre ord; spørsmåla er ikkje nødvendigvis så farlege i seg sjølv.
Vi trur dei er gode og aktuelle, både for den kristne ungdomsskulen sjølv,
for foreldra og mange andre i kommunen, uansett livssyn. Det er kjenslene
som blir virvla opp, orda som blir valde og frykta for at ingen eigentleg
lyttar til dei andre sine argument, ein er redd for.
Nettdebattane siste tiåret har hardna klimaet, og redsla for
personangrep og latterleggjering får nok mange til å halda hovudet lågt. Det
er vårt ansvar som avis, og dykkar ansvar som lesarar og debattantar, å
motverka denne trenden. Viktige spørsmål fortener spalteplass, om enn dei
kjennest ubehaglege. Vi vonar Danielsen Ungdomskule lettar på sløra, at
hardbarka ateistar opptrer lyttande og saklege, og at foreldre sjølve er
med og lagar takhøgd rundt middagsbordet for diskusjonar om - for å seia
det med ordføraren sine ord – noko meir enn varm mat og Mac.