Hausten 2014 skal bompengeinnkrevjinga på Osterøybrua avsluttast. Men det blir
neppe gratis å ferdast overalt på Osterøy av den grunn. No tyder meir og
meir på at innbyggjarane må førebu seg på nye bompengeprosjekt i åra som
kjem.
Det står store og dyre vegplanar på ønskjelista til Osterøy kommune. Ny veg
gjennom Vesetgjelet har topprioritet, og vil kosta minimum 110 millionar
kroner. Ny veg til Bruvik kjem truleg på rundt 200 millionar. I tillegg er
det behov for vidare opprusting av vegen til Tysse, særleg av omsyn til
næringslivet. Omlegging av vegen gjennom Hosanger sentrum har også stått på
høgt på prioriteringslista lenge.
Det er nokså innlysande at Osterøy neppe vil få offentlege midlar til
fullfinansiering av alle desse anlegga. Skal ostringane koma med i kampen om
kronene, må ein truleg gjera det same som Bergen og mange av nabokommunane:
Laga vegpakker som i stor grad blir finansierte med bompengar.
Det er skrikande behov for midlar til nybygging og vedlikehald av vegnettet
over heile landet. Etterslepet når det gjeld trafikksikring er også enormt.
Dei seinare åra har store nedbørsmengder ført til langt fleire flaumar og
ras enn før. Også dette rammar vegnettet og har medført høge kostnader.
Sjølv om trafikantane på Osterøy har påtatt seg hovudfinansieringa av både
Osterøybrua, Tirsåstunnelen, Hannisdalslina og Hauge – Lonevåg, er ein langt
frå i mål. Vi skulle ønskja at staten kunne pøsa meir av dei enorme
bilavgiftene tilbake til bilistane i form av vegutbygging, men innser at
dette neppe kjem til å skje i stor nok grad til at det løyser dei formidable
oppgåvene på området. Vi står då igjen med den same løysinga på Osterøy som
andre stader: Meir bompengar.
Problemet er at det å få godkjent nye bompengeprosjekt tar tid. Går ein ikkje
i gang med finansieringsløysinga før alt planarbeidet er ferdig, kan det ta
svært mange år før dei store og viktige veganlegga kan startast opp. Det har
ikkje ostringane råd til å venta på. Planlegginga av ei eventuell
bompengepakke må skje no, slik at ikkje nye nærings- og bustadprosjekt må
leggjast på is i mange år.