Kollektivkrise



Det er den reinaste kollektivkrise i Bergen for tida. Ingen veit når bussane i Bergen går, eller om det i det heile tatt går ein buss. Ferierutene klussar det skikkeleg til for mange av dei reisande.


Publisert: 28. jul. 2009, 11:21
Oppdatert: 28. jul. 2009, 11:21


I førre Bygdanytt kunne ein lesa at det nesten ikkje blir rekruttert nye bussjåførar grunna krav om eit rådyrt teorikurs. Tide Buss AS må både i Arna og på Osterøy bruka pensjonistar og kontorfolk som sjåførar.

I Arna ser det likevel ut til å vera størst frustrasjon over arrogansen NSB viser kundane som reiser mellom Arna og Bergen. Tallause krav om å fjerna straffegebyret på 20 kroner og skaffa billettautomatar som fungerer slik dei skal, ser NSB ut til berre å gje blaffen i.

Prisen på heile 33 kroner på den korte strekninga pågår det forhandlingar om for å få ned til einheitstaksten på 24 kroner. Men også her ser NSB ut til å vera svært lite smidige. I skrivande stund er det ikkje kome nokon avtale om prisreduksjon.

At Sigmund Olsnes og Svein Harkestad i førre Bygdanytt luftar tanken om å boikotta NSB og heller ta bussen i håp om å få monopolorganet til å vakna, er kanskje ikkje nokon dårleg ide. Problemet er berre at det ikkje er plass på bussen til alle som reiser mellom Arna og Bergen.

Det veit sjølvsagt også NSB. Og kven gidd bruka nesten fire gonger så lang tid på å koma seg frå Indre Arna til Bergen enn det som er nødvendig, berre for å spara 9 kroner? Dei er det nok ikkje mange av. NSB kunne truleg ha lagt eit par kroner på billettprisen utan å mista ein einaste passasjer. Til det er åtte minutt med tog mellom Arna og Bergen eit altfor godt tilbod.

Men ei rå og kynisk prising av ei teneste NSB har monopol på går ikkje an, og prisen må reduserast til 24 kroner. Fylkeskommunen og kommunen bør bla opp nokre kroner i spleiselaget, der også NSB må vera med. Det NSB tapar i redusert pris på kvar billett, vil dei truleg få tilbake i form av fleire reisande. Det er også bra for miljøet. Eller treng ikkje NSB bry seg om dette poenget?





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt