Det er gledeleg at Osterøy kommune har fått ein rådmann med visjonar. Spørsmålet er om politikarane maktar å følgja opp.
Sist tysdag sa formannskapet nei til forslaget om å auka eigedomsskatten frå fire til seks promille. Dei let seg ikkje lokka av rådmannen sine argument om at kommunen treng pengane for å betala ned tidlegare års underskot. Politikarane si innstilling var ikkje uventa. Helst ville dei fleste unngått denne ekstraskatten fullt og heilt.
Forhåpentlegvis greier partia å finna ei løysing som likevel inneber at det oppsamla underskotet på 29 millionar kroner blir eliminert i løpet av dei komande tre åra. Då kan Osterøy igjen få kontroll over eigen økonomi, slik at politikarane så smått kan tillata seg å bli offensive i sin tankegang.
For det trengst. Etter fleire år med nedskjeringar og redusert aktivitet, er det på tide å snu utviklinga. Rådmannen ser framover. Han vil ha armslag, slik at kommunen mellom anna kan satsa meir på både bustadbygging og næringsutvikling.
I 2011 opnar nyevegen mellom Hauge og Lonevåg, og i 2014 er Osterøybrua nedbetalt. Ingen treng vera synsk for å spå at dette vil gjera det mykje meir attraktivt for både privatpersonar og bedrifter å etablera seg på Nord-Europas største innlandsøy. Det er berre å sjå kva som har skjedd i dei andre nabokommunane til Bergen.
Presset på ledig tomteland i bykommunen aukar for kvart år som går. Og dermed går også prisane opp. På Osterøy vil det vera langt rimelegare tomter å få tak i. Difor kan kommunen skaffa seg både fleire innbyggjarar og arbeidsplassar i åra framover. Men det kostar å leggja til rette for slikt. Og det er desse pengane politikarane må finna.
Osterøy kommune klarte aldri å vera i forkant då fastlandssambandet vart bygt. Tolv år etter opninga manglar det til dømes framleis eit stort og attraktivt byggjefelt i området der brua kjem i land. No må ikkje kommunen vera like defensiv ein gong til. Skal Osterøy få opp inntektene sine, må det leggjast til rette for utvikling!