Kven tar tak i problema?



Absurd at det skal brukast mange millionar kroner på ei opprusting av kjørebana i Ytre Arna, medan torget og området rundt skal liggja som i dag.


Publisert: 27. nov. 2009, 10:57
Oppdatert: 27. nov. 2009, 10:57


Den lenge omtala opprustinga av Ytre Arna sentrum startar truleg etter årsskiftet. Då skal Statens vegvesen, på oppdrag frå Bergen kommune, byggja miljøgate. Men problema og utfordringane som knyter seg til prosjektet er mange.

Eitt av dei er kva som skal skje med areala som ikkje inngår i det såkalla MPG-prosjektet (miljøprioritert gjennomkjøring). For det er nemleg slik at vegvesenet skal utbetra vegen, rydda opp i parkeringskaoset og byggja fortau, men ikkje medverka til at resten av sentrum blir sjåande vakkert ut.

Det er unekteleg nokså absurd at det skal brukast mange millionar kroner på ei opprusting av kjørebana, medan torget og området rundt skal liggja som i dag. Her står bygningar til nedfalls, og betongdekket er i ferd med å smuldra opp. Det vil bli ein enorm kontrast mellom nytt og gamalt, dersom det ikkje blir gjort noko med heile sentrum.

Vi skjønar at kommunen ikkje kan ta hovudansvaret for korleis det ser ut på privat grunn. Men det går kanskje an å vera i dialog med eigarane, slik at det blir tatt eit felles løft for å fjerna det negative inntrykket mange får av det sentrale Ytre Arna når dei vitjar staden.

Den dialogen som har vore hittil, kan i beste fall karakteriserast som svært mangelfull. I utgangspunktet var det planar om parkeringshus ved Torget, men dette stranda då det omsider gjekk opp for kommunen at eigaren av området ikkje ville ta den økonomiske risikoen på eiga kappe. No ser det ut til at heller ikkje parkeringsselskapet ønskjer å nytta sjansen til å få rydda opp. Selskapet kunne ha inngått avtale med eigaren om å riva bygningane og etablera overflateparkering her - som erstatning for det som går tapt. Men ingen ser ut til å vilja engasjera seg i noko som kostar meir pengar.

For innbyggjarane i Ytre Arna er det tragisk. Per i dag ser det ut til at det verken blir nye parkeringsplassar eller tilstrekkeleg opprydding. Det var ikkje ei slik utvikling bygda hadde håpa på.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt