Vis disiplin!



Alle kommunale einingar på Osterøy må trå til og visa budsjettdisiplin.


Publisert: 01. des. 2009, 08:00
Oppdatert: 01. des. 2009, 08:00


Det var ei lite hyggjeleg melding Osterøy-rådmann Odd Ivar Øvregård hadde til politikarane i formannskapet sist veke. Økonomien, som alle trudde var under kontroll, viser seg å koma ut mykje dårlegare enn kommuneleiinga har rekna med.

På kort tid har situasjonen forverra seg dramatisk. Dei store syndebukkane er skulesektoren og helse/omsorg, som til saman bruker tolv millionar kroner meir enn dei har på budsjettet. Noko av dette visste ein om, og mykje blir dekka av auka kommunale inntekter og tilskot, men likevel kjem ein samla ut med fire millionar i manko.

Det oppsiktsvekkjande er ikkje at kommunen framleis slit med å få til ei sunn økonomisk drift, men at tilhøva brått er mykje verre enn det alle har hatt inntrykk av gjennom heile året. Det finst forhåpentlegvis fornuftige forklaringar på kvifor det er blitt slik, men om dei blir aksepterte, er noko heilt anna.

Det seier seg sjølv at det er svært vanskeleg å styra ein kommune når store overskridingar ikkje blir oppdaga før i slutten av november. Økonomirapporteringa to månader tidlegare viste ingen teikn til at situasjonen var ute av kontroll. Enten har dei to største etatane kome opp i svært kostnadskrevjande situasjonar i løpet av hausten, eller så har nokon prøvd å pynta på tala tidlegare i år. Dersom det siste er tilfelle, er det alvorleg.

Alle kommunale einingar må visa budsjettdisiplin. Dét er ein føresetnad for at økonomien skal gå rundt. Av og til er dette umogeleg å få til på grunn av at innbyggjarane har lovfesta rettar som skal oppfyllast. Men når ein etat blir påført ekstra kostnader, MÅ det rapporterast vidare. Berre slik kan ein omprioritera på andre område, slik at ein samla sett kjem ut som føresett.

Når dette ikkje skjer, hamnar kommunen i eit økonomisk uføre som går ut over mange. Denne gongen rammar det særleg dei eldre på Osterøytunet som skulle få flytta tilbake på enkeltrom. No må dei førebu seg på å dela kvardagen og privatlivet sitt med andre også i 2010. Det er skammeleg.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt