Kampen om strandsona



Når halvparten av kommunane i Hordaland skal få like strenge reglar som området langs Oslofjorden, skaper det både sinne og frustrasjon.


Publisert: 04. des. 2009, 09:39
Oppdatert: 04. des. 2009, 09:39


Det hadde ikkje vore mykje aktivitet langs fjordane på Vestlandet dersom det aldri hadde vore lov å byggja i strandsona. Difor skaper forslaget til ny plan- og bygningslov sterke reaksjonar langs kysten. Her vil regjeringa stramma inn byggjeforbodet i hundremetersbeltet, slik at det blir vanskelegare å få dispensasjon. Etter vårt syn burde det mange stader heller bli lettare.

Tradisjonelt har sjøen vore ei viktig samferdselsåre. Då dei første industribedriftene såg dagens lys, låg dei ofte heilt i sjøkanten. Det gjorde det lett å frakta varer til og frå. Gode døme på dette er Arne Fabrikker i Ytre Arna og Tøsse Mølle på Osterøy. Transporten med fjordabåtane gjorde det også naturleg å byggja kaianlegg med butikk og postopneri like ved. Og for bønder og fiskarar var det utenkjeleg at det ikkje skulle kunna byggjast naust eller andre bygningar i fjøra.

Også dei fleste byane våre ligg ved sjøen. Her har næringsdrivande drive handel og produksjon i fleire hundre år, og det har poppa opp bustader i tusental. Men no er så mykje av kystarealet brukt opp, at strandsona må vernast for etterslekta, meiner styresmaktene.

Dét er det slett ikkje alle som er samde i. Vi har svært mykje ubrukt strandsone i dette landet, også i Hordaland. Men at presset er stort i mange tettbygde område, er det ingen tvil om. Problemet er at regelverket ikkje skil mellom det fornuftige og det ufornuftige. At det skal vera umogeleg å byggja hytte i strandsona på ein stad der nesten ingen ferdast, er vanskeleg å forstå. At ein derimot får forbod mot å byggja i område som svært mange nyttar, er noko heilt anna.

Allemannsretten står sterkt her i landet, og det å kunna ferdast fritt langs sjøen er noko svært mange synest er viktig. Men det er uansett ingen som treng hundre meter frisone for å stå og fiska ute på eit nes.

Når halvparten av kommunane i Hordaland skal få like strenge reglar som området langs Oslofjorden, skaper det både sinne og frustrasjon. Difor er det gledeleg å sjå at kommunalminister og vestlending Liv Signe Navarsete er usamd i forslaget. Spørsmålet er om ho har bein nok i nasa til å stå løpet ut. Kampen internt i regjeringa kan bli tøff.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt