Tidlegare generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Kari Vigeland, meiner at vi
må slutta å halda dei eldste eldre i live ved hjelp av medisinar. Ho meiner
at dei heller bør få dø. Den livsforlengjande behandlinga er så
kostnadskrevjande at ho tar ressursar frå yngre generasjonar.
Vigeland er uroleg for den enorme eldrebølgja som er i vente, der mange fleire
vil bli svært gamle. Ho tar til orde for at vi må bruka midlane våre på
personar som har livet framfor seg, i staden for å hjelpa dei aller eldste
til å leva lenger med mange ulike sjukdomar.
Det er modig gjort å bera fram slike synspunkt, men dei blir ikkje lettare å
akseptera av den grunn. Vi er grunnleggjande ueinige i at eldre skal ha
mindre rett til eit godt liv enn yngre generasjonar. Eit sorteringssamfunn
der nokon skal avgjera kor lenge kvar og ein av oss skal få leva, høyrest
grotesk ut.
Det er sjølvsagt ei utfordring for staten at levealderen går opp, men
samstundes har vel dei gamle aldri vore så unge som i dag. Mange er aktive
og oppegåande til dei er langt over nitti. Enkelte til dei er over hundre.
At vi lever lenger betyr ikkje at vi treng meir hjelp enn før, men at
hjelpebehovet kjem på eit seinare tidspunkt i livet. Då blir det feil å
gjera alderdomen til eit problem som samfunnet må eliminera.
Vigeland sitt utspel kan gje gamle dårleg samvit for at dei tar imot hjelp frå
det offentlege. Dét skal dei i alle fall ikkje ha. Det er dei eldre som har
æra for at unge i dag kan veksa opp i verdas rikaste land - med eit
helsevesen som er i stand til å gje hjelp til alle generasjonar. Vi vil
ikkje ha eit samfunn der dei som når ein bestemt alder skal bli fråtatt
medisinsk hjelp. Alle må ha rett til eit verdig liv, sjølv om dei lever
lenge.