Stopp overstyringa!



Det er oppsiktsvekkjande at landbruksdirektøren i Hordaland meiner seg betre i stand til å fastsetja prisen enn både ein erfaren bransjemann og lokale politikarar.


Publisert: 11. des. 2009, 09:11
Oppdatert: 11. des. 2009, 09:12


For over eit år sidan selde ei kvinne småbruket sitt på Osterøy. Partane avtalte kjøpesummen til 1,9 millionar kroner. No meiner landbruksdirektøren i Hordaland at summen blei sett ein halv million kroner for høgt, og vil oppheva vedtaket der kommunen gav konsesjon.

For utanforståande verkar det merkeleg at det går an å få ein eigedom med våningshus, driftsbygning, utløe og naust til under to millionar kroner. Endå merkelegare blir det at styresmaktene vurderer prisen som urimeleg høg. Rett nok er bygningane gamle, og til dels i dårleg stand, men kvifor i all verda skal byråkratar og politikarar blanda seg bort i prisfastsetjinga når kjøpar og seljar er blitt einige?

Osterøy formannskap har i sitt konsesjonsvedtak godkjent den avtalte prisen, og grunngjev dette med at «prisen på garden er i tråd med tidlegare godkjende sal i Osterøy». Eit slikt argument er ikkje godt nok for landbruksdirektøren. Også landbrukstaksten på eigedomen, utført av ein velrenommert takstmann, blir underkjent. I taksten er bygningsmassen åleine verdsett til over 1,6 millionar kroner, medan bråkraten hos fylkesmannen meiner at verdien ikkje kan setjast høgare enn 750.000. Det er ein reduksjon på over 50 prosent! Det er oppsiktsvekkjande at landbruksdirektøren i Hordaland meiner seg betre i stand til å fastsetja prisen enn både ein erfaren bransjemann og lokale politikarar.

Den som kjøper seg ein landbrukseigedom, skaffar seg i dei aller fleste tilfelle også ein bustad. Ein bustadeigedom er ikkje underlagt priskontroll. Det er difor ulogisk at småbruk som går for langt mindre enn det ein vanleg bustad kostar, skal kontrollerast på denne måten.

Vi kan forstå at kjøparar av større landbrukseigedomar må ha vilkår som sikrar at kostnadane er i samsvar med inntektsgrunnlaget. Men når det gjeld bruk som har så lite lettdriven innmark at dei knapt vil kunna gje inntekter i det heile, blir det absurd å leggja seg bort i prisen som kjøpar og seljar har kome fram til. Då er ikkje kjøpet først og fremst motivert av at garden skal gje avkastning, men av at kjøpar ønskjer seg ein landleg stad å bu. Det er ein så vesentleg forskjell at vi håpar fylkeslandbruksstyret tar seg tid til ein grundig gjennomgang når saka skal behandlast der på måndag.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt