Ein verdig alderdom



Dessverre er ikkje møtet med hjelpeapparatet alltid ei positiv oppleving


Publisert: 15. des. 2009, 09:57
Oppdatert: 15. des. 2009, 09:57


Vi ønskjer alle eit så fullverdig liv som mogeleg - også når vi blir gamle. Men vi kan dessverre ikkje bestemma at vi skal vera friske og klara oss sjølve livet ut. Dei fleste får på eit eller anna tidspunkt behov for hjelp, enten i eigen heim eller på institusjon.

Når minnet sviktar, og du ikkje lenger hugsar å eta eller vaska deg, er det godt at nokon kjem og hjelper med både personleg hygiene og gode matvanar. Det er difor vi har heimehjelp og heimesjukepleie. I alle fall er det slik vi håpar og trur at det fungerer.

Men dessverre er ikkje møtet med hjelpeapparatet alltid ei positiv oppleving. Pårørande må gjerne kjempa i lang tid for å få noko hjelp til sine gamle foreldre i det heile. Og når det endeleg er fatta vedtak om konkrete hjelpetiltak, opplever mange at ein ny kamp startar: Kampen for å få vedtaket gjennomført i praksis.

Det første som ofte skjer er at stadig nye hjelparar kjem innom dørene til våre heimebuande eldre. Kanskje så mange som 15 - 20 ulike personar i løpet av ein månad. Det seier seg sjølv at dette er eit dårleg utgangspunkt for å skapa tillit og etablera ein trygg og god kvardag for 80-90-åringar. Må det vera slik?

Og på grunn av den store gjennomtrekken er det kanskje heller ingen av hjelparane som føler skikkeleg ansvar for vår gamle mor eller far. Dei fleste er berre innom og gjev dagens medisinar, før dei hastar vidare til neste pasient. Dei går etter klokka, og har ofte ikkje tid til å sjekka om klientane får i seg tilstrekkeleg mat og drikke eingong. Og dusjinga som skulle gjennomførast kvar veke, kan gjerne bli utsett eller avlyst.

Altfor ofte skjuler hjelpeapparatet seg bak påstanden om at dei ikkje kan tvinga nokon. Vil ikkje ein person gå på badet frivillig, uteblir difor kroppsvasken - sjølv om det er uverdig både for den det gjeld og familien. Og kor ofte har vi ikkje høyrt om eldre som er uttørka og avmagra fordi dei ikkje har fått i seg tilstrekkeleg væske og næring? Bør ikkje heimetenestene følgja med på slikt?

Det er heilt sikkert mange tilsette innan pleie og omsorg som gjer ein fantastisk og samvitsfull jobb, men vi veit av erfaring at det også finst dei som tar for lett på oppgåvene. Kanskje er systemet feil, som tillet at avtalar ikkje blir følgde opp. Kanskje er arbeidspresset for stort. Ikkje vei vi. Det vi veit er at både dei gamle og deira pårørande treng ei eldreomsorg som held ein viss standard - og oppfyller eit minimum av forventningar. Her har mange ansvarlege framleis ein jobb å gjera.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt