Nærmare Bergen?



Det største problemet er ikkje fråflyttinga, men manglande tilflytting.


Publisert: 18. des. 2009, 10:05
Oppdatert: 18. des. 2009, 10:05


Innbyggjartalet på Osterøy er i ferd med å ta seg opp. Veksten har vore på vel fem prosent dei siste ti åra. Men nord i kommunen opplever ein det motsette. Mange av bygdene i Hosanger sokn går tilbake. Di lenger bort ein kjem frå Bergen, di større er nedgangen.

Ordførar Kari F. Aakre har nok rett i at ostringane er i ferd med å bli meir urbane. Dei vil bu sentralt. Dette er ein tendens over heile kommunen. Dei minste grunnkrinsane, som Vassdal, Hannisdal, Hovden, Vare og Kleiveland, har hatt svært stor tilbakegang i folketalet over tid. Men i nord blir tendensen forsterka ved at også bygder som Tysse og Fotlandsvåg misser innbyggjarar. På Tysse har reduksjonen vore over 20 prosent sidan 1999.

Faren med denne utviklinga er at bygdesamfunn som tidlegare stod sterkt, og klarte seg godt, no tynnest ut så mykje at viktige servicetilbod kan bli nedlagte. Vi veit at daglegvarebutikken i Fotlandsvåg har hatt problem fleire gonger. Og på Tysse, som er ei endå mindre bygd, nærmar driftsgrunnlaget for nærbutikken seg etter kvart eit svært kritisk punkt.

Det største problemet er nok ikkje fråflyttinga, men manglande tilflytting. Etter kvart som eldre generasjonar døyr ut, og mange unge reiser andre stader for å gå på skule eller byrja i jobb, må nye koma til dersom bygdene skal overleva på sikt.

Gode vegar og tilgang på bustadtomter er viktige element for å få opp innbyggjartalet. Det ser vi tydeleg på utviklinga dei seinare åra. Store byggjefelt på Bysheim, Grønskaret, Loftås, Valestrand og i Lonevåg har gjeve løft i busetjinga der. Samstundes er det ein tendens at folk byggjer hus nærare bru og ferje enn før. Dette vil forsterka seg når brua er nedbetalt, og stadig fleire bergensarar med jobb i byen kastar sitt blikk på Osterøy.

Vi trur likevel at også dei mindre bygdene kan ha ei framtid dersom det vert lagt til rette for vidare utvikling. Men både lokale og kommunale initiativ må til dersom dét skal bli ein realitet.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt