På Osterøy ungdomsskule manglar elevar bøker i ei rekkje fag. Skulen har for
få bøker i engelsk, fransk, naturfag og religion/livssyn/etikk. I tillegg
opererer ein med for lite bøker på nynorsk. No krev FAU-leiaren og
elevrådsleiaren at politikarane må skaffa pengar, slik at det kan kjøpast
inn nok undervisningsmateriell.
Det er ikkje vanskeleg å støtta kravet om at alle elevane bør ha sine eigne
lærebøker. I eit land som fløymer over av mjølk og honning skal det ikkje
vera slik at ein sparer på heilt nødvendige hjelpemiddel til dei som er
nasjonen si framtid. Noko er feil med prioriteringane når det kan skje.
Vi lever i eit land der stadig fleire får sine pengar frå det offentlege,
medan det blir færre og færre i privat sektor til å skapa verdiane som
trengst for å driva alle velferdsordningane. I ein slik situasjon er det
viktigare enn nokon gong å leggja til rette for at born og unge kjem inn i
eit utdanningssystem der dei kan ta til seg kunnskap. Har vi ein skule der
det ikkje er så nøye, lærer vi borna opp til å ta lett på det meste. Det
resulterer fort i elevar med for dårleg basiskunnskap, og dårlege haldningar
til skule- og yrkesliv.
Som nasjon har vi mykje å læra av dei feilslåtte reformene som er gjennomførte
i skuleverket dei siste tiåra. I staden for at elevane er blitt flinkare,
har vi fått ein skule der respektløyse, uro og mangel på disiplin har fått
fotfeste. No må alt gjerast for å finna ein veg ut av uføret - slik at
lærarane igjen kan bruka energien sin på det viktigaste: Å undervisa.
Det vi treng aller minst i ein slik situasjon er at lærarane må nytta
verdifull tid på å kopiera opp stoff om ulike emne, fordi det ikkje finst
nok bøker til borna. Om skulda for lærebokmangelen ligg hos rådmann og
politikarar, eller hos ungdomsskulen sjølv, er underordna. Det viktigaste er
at det blir ordna opp i tilhøva, og dét ansvaret ligg til sjuande og sist i
heradsstyret.