På tide med avklaring



Enno lever innbyggjarane i uvisse om kva som kjem til å skje i Arnadalen.


Publisert: 05. jan. 2010, 08:15
Oppdatert: 05. jan. 2010, 08:15


I rundt 20 år har store delar av Arnadalen vore bandlagt til framtidig godsterminal for NSB. Enno lever innbyggjarane i uvisse om kva som kjem til å skje med prosjektet, og kva innverknad det får på natur- og bumiljø.

På sikt ønskjer Bergen kommune å flytta statsbanene sin noverande terminal bort frå Nygårdstangen. Området skal frigjerast til bustader og andre føremål. I fleire tiår har det vore peika på Arna som mogeleg lokalisering for godshandteringa. Og konsulentselskapet Cowi har i ein ny rapport tilrådd å gå vidare med desse planane. Problemet her er at ein ikkje får noko samspel mellom transport på land og sjø. Idéelt sett skulle ny godshamn og ny jernbaneterminal ha lege på same stad. Flesland har vore lansert som eit mogeleg alternativ. Då ville ein fått samarbeid også med lufttransporten.

Det er ingen tvil om at godsterminalen blir eit gigantisk byggjeprosjekt som vil setja eit svært negativt preg på Arnadalen, dersom han skal etablerast her. Minst 60 bustader vil bli så ramma av prosjektet at dei bør fråflyttast. I tillegg blir det svært store naturinngrep, og utbygginga vil få konsekvensar for både veterantoget og Storelva.

Sannsynlegvis blir det ikkje mindre konfliktfylt å etablera godsterminalen ein annan stad i bergensområdet. Slik saka har utvikla seg trur vi likevel det vil vera lite framtidsretta å gå vidare med planane om ein terminal på Espeland. I staden bør politikarane sjå etter ei meir samla løysing for godssektoren.

For dei som bur i Arnadalen er det viktig med ei snarleg avklaring. Det må vera frustrerande å vita at dagens situasjon mellom anna kan ha sterk innverknad på sjansane til å få selt eigedomar i nærleiken av planområdet. Og ikkje minst at det kan vera vanskeleg å få ein akseptabel pris. Likevel er uvissa rundt spørsmålet om folk kan bu i husa sine eller ikkje det verste.

No er det på tide å leggja terminalplanane i Arna døde, og heller satsa på mindre konfliktfylt næringsetablering på tomteselskapet sitt areal.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt