Ei god løysing



Geir Dale sitt parkeringsforslag i Ytre Arna er den beste løysinga som er skissert hittil. Problemet er kven som skal ta kostnaden.


Publisert: 08. jan. 2010, 08:08
Oppdatert: 08. jan. 2010, 08:08


Ap-politikar Geir Dale sitt forslag om å nytta arealet ved torget i Ytre Arna til parkering, er den beste løysinga som er skissert hittil. Problemet er kven som skal ta kostnaden.

Som alle lesarar av Bygdanytt etter kvart bør ha fått med seg, fryktar mange at mangelen på parkeringsplassar vil få katastrofale følgjer når Statens vegvesen om kort tid startar opp arbeidet med den såkalla «miljøgata» i Ytre Arna sentrum. Særleg vil det ramma Coop Prix, Arnabua og Kulturhuset Sentrum. Problemet er ikkje berre at det blir vanskeleg å setja bilen frå seg i anleggsperioden, men også etterpå. Talet på permanente p-plassar vil nemleg bli kraftig redusert i høve til i dag.

Kommunen sitt eige selskap, Bergen Parkering AS, prøver framleis å finna sentrumsnært areal som kan leigast for ein periode. Men det verkar nesten utenkjeleg at dei skal lukkast i å finna ei god løysing som ikkje vil krevja store investeringar.

I kommunedelplanen frå 2001 er det torget (området vest for kulturhuset) som blir utpeika til parkering. Dette ligg midt i sentrum - og i høveleg gangavstand til butikkane. I dag er torget i svært dårleg forfatning, med søyler og betongdekke som forvitrar. Det finst ulike måtar å utnytta dette arealet på. Det enklaste er å riva eksisterande småbygg, og utbetra dagens konstruksjonar. Men det gjev for få parkeringsplassar til å stetta behovet. Eit parkeringshus over tre etasjar har vore lansert som mogeleg løysing, men synest å vera forkasta på grunn av kostnaden. I dette biletet vert Geir Dale sitt alternativ ei mellomløysing; å byggja eit parkeringsanlegg i to høgder mellom kulturhuset og brua.

Men uansett kva som blir valt, må kommunen vera ein sentral pådrivar. Eit permanent anlegg med gratis parkering for kulturhuset og butikkane, vil berga heile sentrum. Avgift kan ein krevja frå dei som leiger heilårsplassar, til dømes kjøparar av nye leilegheiter i Arnegården. Dette bygget treng rehabilitering, men alt står i stampe så lenge parkeringssituasjonen er uavklart. No må politikarane sørgja for at ein kjem fram til noko som ivaretar behovet for alle i sentrum.

Ein ting er i alle høve sikkert: Ingen private vil ta den økonomiske risikoen med å byggja eit parkeringsanlegg. Dersom kommunen ønskjer å medverka til ei løysing, må pengesekken opnast. Og no hastar det!





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt