• MYKJE HISTORIE: For over tusen år sidan var det mykje liv å røre på Bukkstein. No er det berre Norvald Bukkestein (t.v.) og bror hans, Sigmund, som bur her. Gunnar Bukkestein flytta til Stamnes for lenge sidan. Hilde-Karin Stamneshagen jobbar som klarsynt, healer og NLP-cooch, og fekk allereie kvelden før dei første kjenslene, eller syna, om kva ho hadde i vente.

    FOTO: Snorre Bang Utaker

  • SKEPTISK: Gunnar Bukkestein tek oss med til heimplassen i båten sin Frøya, men trur ikkje det er så mykje paranormalt som skjer der. — Eg har høyrd lydar frå eitt av husa når det har vore tomt, men eg har ikkje sett noko, seier 72-åringen.

    FOTO: Snorre Bang Utaker

  • VIKINGGRAVHAUGEN: Oldefaren til Gunnar Bukkestein heiv øl på haugen kvar julaftan. Elles var det strengt forbode å gjera noko med plassen.

    FOTO: Snorre Bang Utaker

På jakt etter det paranormale

I alle år er det fortalt historier om hendingar på Bukkstein og Vedå som ikkje lar seg forklara. Bygdanytt tok med seg klarsynte Hilde-Karin Stamneshagen for å sjå kva vi kunne finna ut om plassane der folk har budd sidan vikingtida.

— Ja, det er vel ofte slik med stader der det har budd folk i lang tid. Men eg veit ikkje kor mykje eg skal fortelja, seier Betty Toskedal.

Ho er ei av få som vil snakka om kva folk har opplevd på desse gardane. Familien hennar kjem frå Vedå, og ho budde der til ho var 17 år. Som lita sat ho ofte og høyrde besteforeldra fortelja historier om merkelege ting som hadde skjedd der. Spesielt i eitt av husa. Gong på gong stod dørene på vidt gap når dei kom heim, sjølv om dei var låste før dei drog.
— Det skjedde heile tida, i årevis. Eg hugsar det var ekkelt å opphalda seg der inne. Til slutt vart huset rive. Dei gamle meinte det sat i veggane. Energien frå det som hadde skjedd der forsvann ikkje, fortel ho.   

Dyr som går igjen
Vedå og Bukkstein ligg 1,5 kilometer frå kvarandre på austsida av Osterøy - i Vaksdal kommune, rundt eit kvarter med båt frå Stamnes. Einaste måten å koma seg dit på er sjøvegen.
På Bukkstein er det gjort fleire funn frå vikingtida, og i følgje Vaksdal historielag har det vore drift der i over tusen år, men ein reknar med at plassen låg brakk i ein lengre periode etter svartedauden. Brukaren på Bukkstein på starten av 1600-talet blei kalla «øydejordsmann», men frå 1700-talet og vidare var det to bruk der. Eige skulehus kom også etter kvart.

Vi har fått skyss med Gunnar Bukkestein, som tar oss med utover Veafjorden til plassen han vaks opp, og der to av brørne hans framleis bur.
— Eg har høyrt lydar frå eitt av husa når det har vore tomt. Det vert påstått at folk har sett dyr gå igjen, men eg har ikkje sett noko, seier 72-åringen, før vi legg frå kai på Stamnes.
Derfor har vi tatt med oss Hilde-Karin Stamneshagen frå Valestrand. Ho jobbar som klarsynt, healar og NLP-coach (neuro-linguistic programming) , og har fleire gonger vore rundt på Osterøy og drive husrens. Då fjernar ho og bryt opp negativ energi.  Allereie kvelden før turen fekk ho dei første kjenslene, eller syna. 

-Ei kvinne frå nyare tid
— Før eg startar på eit oppdrag spør eg kven eg skal møta og kor mange. Det kom to menneske til meg. Den eine var ein mann frå vikingtida, den andre ei kvinne frå nyare tid. Det første eg får opp er ofte bilete, andre sansar kjem etter kvart, seier ho.

Dei hadde nok ei kjensle av at det var noko her. Dei var svært redde for plassen. 

Stamneshagen får fram syna når ho legg tarotkort eller, som før denne turen, set seg ned og sansar om nokon vil melda seg når ho veit ho skal til ein stad.
— Eg tenkjer at det du har fokus på, det utviklar du. Kvifor det er slik med meg, veit eg ikkje, men det er interessant. Det er svært abstrakt og vanskeleg å forklara, men til dømes kan mange kjenna det når dei går inn i eit hus eller eit rom - at her er det noko. Spørsmålet er om du er interessert nok til å gå endå djupare, forklarar ho.

Gravplass frå vikingtida
På veg utover fjorden til Bukkstein sansar ho også to personar i ein robåt.
— Det er kaldt og trist. Det er noko tungt med han som ror. Vi får sjå om dei møter oss på land.
Framme på Bukkstein ventar først ein gravplass frå vikingtida. Her vart dei første funna gjort i 1860.

— Eg er blitt fortald at tippoldefaren min tømde øl på haugen kvar julaftan. Det var enno ikkje påvist at dette var ei vikinggrav, men dei hadde nok ei kjensle av at det var noko her. Dei var svært redde for plassen, og ingen fekk grava der, fortel Gunnar Bukkestein. Både oldefaren og faren gjorde funn på garden.

— Far min fann eit sverd i marka, men det smuldra bort då han la det til tørk i sola. Han var lei seg for det, seier han. Oldefaren, Sjur Davidsson, fann ein gamal brynestein av kvarts då han skulle grava ut fjøstuft i ein sandabakke ovanfor tunet. Han fann ei steinhelle, og under hella var eit holrom som truleg var eit gravkammer, og der fann han brynesteinen, heiter det i Vaksdal historielags bygdebok.

Skeptiske fastbuande
Men kva med personen som ein gong for over tusen år sidan blei gravlagt her? Etter ei stund ved grava fortel Stamneshagen det ho ser.
— Han var ikkje nokon konge, men ein slags leiar. Det var ein staseleg mann, og eg trur det var han eg såg i går. Han heldt ro og orden her, seier Stamneshagen.
— Kan du sjå korleis han ser ut?
— Han har halvlangt, bølgjete hår med midtskil, blå auge, og han har ei brynje på seg. Han vart ikkje drepen, og blei gamal for den tida han levde i. Han var ein veldig klok mann, ein typisk leiartype, som gjorde staden trygg.
— Kva kan du seia om Bukkstein?
— Dette har vore ein samlingsplass for folk frå mange stader. Eg ser mykje liv, og at staden blei brukt til planlegging og handel. Dei har hatt bål fleire stader langs fjorden her, slik at dei kunne ro om natta, fortel ho.

Gunnar sin bror, Norvald, kjem til. Han og broren Sigmund er dei einaste som bur på Bukkstein i dag. Han er skeptisk til påstanden om at det går nokon att på garden hans, eller at ein kan sansa noko frå langt tilbake i tid.
— Det er snakka om både det eine og det andre, men eg har ikkje vore ute for noko slikt.

Kjem åleine
Turen går vidare til Vedå, eller Veo, som det heitte før og blir kalla av Bukkestein-brørne.
Plassen ligg vel ein kilometer sørover, har ingen fastbuande, men nokon fritidsbustader. Dei eldste skriftlege vitnemåla frå Vedå stammar frå 1328. Vel framme får Stamneshagen raskt kontakt med dei som melde seg i robåten då vi la frå kai på Stamnes.   
— Han som ror, må heim. Han har svært vondt i hjartet, og det er noko som har skjedd, men no er han åleine. Om han hadde med seg nokon og mista personen på sjøen, veit eg ikkje, men det er berre ein som er komen fram. Det er ikkje lett å sy saman historia, seier ho.

Ho har tjukt, grått hår, midtskil med knute i nakken, flotte blå auge, rundt ansikt og smale lepper.

I motsetning til Bukkstein har Vedå store, opne marker frå husa og ned til sjøen. Namnet stammar frå Vén, som betyr heilag stad. Her har i eldre tid vore ein kultstad, der folk samlast til gudedyrking og ofring. 
— Dama frå i går, og mannen i robåten, stammar herifrå, startar Stamneshagen. Ho seier mannen har grått, krøllete hår, og har på seg ein tjukk, grå ullgenser og ullbukse.

— Han som rodde inn fjorden skulle kanskje til henne? Det er ei eldre dame med lys bluse med ein liten krage. Eg kan ikkje sjå nokon knappar, men kjolen er snøra saman i livet. Ho har tjukt, grått hår, midtskil med knute i nakken, flotte blå auge, rundt ansikt og smale lepper. Ein mann ville falle for augo hennar, seier Stamneshagen.

-Vanskeleg å tidfesta
— Ho har to ringar på seg, men går ikkje med dei på fingrane. Ho vil ikkje visa at sorga er så sterk. Når ho må ta seg saman, snur ho seg med ryggen til folk og gjer noko anna. Eg ser ho inne i huset, medan mannen står utanfor. Det er vanskeleg å tidfesta, fortel ho.

Også ein tredje person dukkar opp på Vedå. Han står utanfor huset og vinkar til nokon på sjøen.
— Han har ei fin strikketrøye med mønster og er i 60-åra. Han er litt fåmælt og er tilfreds her. Ein veldig stadbunden type. Eg trur også det finst mykje i jorda på Vedå. Her har dei dyrka i lang tid, og eg er sikker på det finst ting i bakken frå gamalt av.

-Bilde og inntrykk på løpande band
Dei heilt store paranormale opplevingane blei det ikkje denne haustdagen på austsida av Osterøy. Vi ringjer Stamneshagen dagen etter for å høyra litt meir om korleis opplevinga var.
— Å jobba med energi og halda fokus over så lang tid er krevjande, spesielt på stader med mykje historie, der bilde og inntrykk kjem på løpande band. Det merka eg då vi kom til Vedå, men eg blei veldig dregen mot det eine huset der, og ville helst ha tatt turen inn. Kvinna er inne i huset, og fortel meg at ho ventar på ein beskjed, og vil ikkje gje opp håpet om at den skal koma. Bukkstein var veldig spennande i høve til vikingtida. Det var svært freistande å reisa over til den andre sida av fjorden. Eg blei dradd dit, seier ho om plassen der garden Kvåstad ligg.
— Og fann du ut meir om karen frå vikingtida?
— Han er med meg enno. Det har hendt før at folk er blitt med. Då er det gjerne at dei vil fortelja meg noko eller hjelpa meg. Etter at eg hadde spådd på telefon i stad, sa han at denne måten skal du ikkje arbeida på. Eg tolka det slik at eg heller må treffa dei eg spår ansikt til ansikt og ha god tid, seier Stamneshagen.

Håpar å få svar
— Er det ikkje plagsamt?
— Nei, det er opp til meg, for eg kan seia at no vil eg ikkje ha han her meir, så blir det slik. Når eg ser ein person som er gått over til den andre sida, og så ser bilete av den personen i ettertid som stemmer med det biletet eg hadde, tenkjer eg kvifor gjer eg det? Det håpar eg å få svar på ein gong, seier ho.

Kor mykje er sant av det ein opplever som uforklarleg? Og kor mykje er berre ei del av vår subjektive oppleving av verkelegheita? Dette er kanskje slikt vi ikkje kan få svar på, men om svara er der, så ligg dei kanskje på austsida av Osterøy, på to veglause gardar.   
  



Vikingtida

  • Epoke i nordeuropeisk historie frå ca. år 800 til ca. år 1100.
  • Produksjonsnivået auka i jordbruket fordi jernet blei tatt i bruk.
  • Mange valde å utvandra, og den enklaste måten å skaffa seg inntekter var ofte plyndring.
  • Noregs største tettstad i denne perioden var Kaupangen i Skiringsal, fem km utanfor Larvik. Ein reknar med at det budde rundt 400-600 personer der.
  • Garden var heim og arbeidsplass for ei hierarkisk ordna gruppe menneske, med husbonden øvst, så hans familie, frie gardsarbeidarar og trelar.
  • Dei nordiske gudane blei dyrka i varierande grad. Truleg var særleg Frøy, som rådde over fruktbarheit og grøde, ein akta gud blant jordbrukarar.

    Det paranormale:
  • Slikt som hender, og som hamnar utanfor normale opplevingar og vitskapelege forklaringar.

Kjelde: Wikipedia

Siste nytt