Senterpartiet sin alternative transportplan prioriterer liv og helse fyrst. Vi prioriterer 5 milliardar kroner til fellesprosjektet K5 E16/Bergensbanen Arna-Stanghelle, og byggestart i 2021.

K5 er det prosjektet som får mest midlar av alle prosjekta Sp omprioriterer i sin alternative transportplan. Det er avgjerande å få satt i gang ein felles prosjektorganisasjon for veg og bane for å spara anleggskostnader og menneskeliv.

Med felles rømmingsvegar i tunell og utbygging parallelt, kan ein spare 11 milliardar i utbyggingsperioden.

Dette er den største flaskehalsen på sambandet mellom landet sine to største byar og landsdelar, ryggrada i norsk samferdsle.

Kjersti Toppe, 1. kandidat Hordaland Senterparti Foto: Mads René Trellevik

Samstundes handlar det om å utvikla regionen aust for Ulriken med jernbane som fossilfri kollektivtrafikk, avlasta flytrafikken og få meir gods på bane. Ein ferdigstilt Ringeriksbane og Vossabane vil kanskje vera det viktigaste klimatiltaket i landet.

Det er avgjerande å få jernbanen i tunell på strekninga. Ikkje berre er jernbanetraseen frå 1883, og bygd for hastigheten toget til Bergen tok då. Men behovet for å tenkje føre-var vart også illustrert i 2015, då eit tog køyrde inn i eit ras og 15 ambulansar rykka ut frå Bergen.

Foto: Hans Erik Ringkjøb / NTB scanpix

Med dei komande klimaendringane er dette eit scenario Senterpartiet ikkje vil ta ansvar for, og vil gjera noko med snarleg.

Det vert difor avgjerande å gjera eitt godt val for Hordaland Senterparti.

2. kandidat Nils T Bjørke frå Voss er på vippen til å koma inn på Stortinget, og kan fylgja K5, ny veg og bane Arna- Voss, tett opp.

Sp vil ikkje godta ein oppstart som kun omfattar veg-del utan jernbane. Sp vil ikkje godta at ein kun vil framskunde bygging av ny veg, og då på den minst rasfarlige delen.

Prioritering av K5 er eitt verdispørsmål som Senterpartiet forpliktar seg til å levera på. Godt val!

Kjersti Toppe, 1. kandidat Hordaland Senterparti