Måndag 12.juni fremma transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget innstilling i sak om Nasjonal Transportplan.

I Hordaland har det vore stor skuffelse over at fellesprosjektet E16 og Bergensbana Arna-Stanghelle blei utsatt av regjeringa. Regjeringa føreslo byggjestart først i 2024, ikkje 2021 slik fagetatane la til grunn.

Men regjeringspartia har saman med KrF og V gjennom si behandling på i komiteen på Stortinget ikkje funne dette prosjektet verdig å framskunde. Partia legg ikkje inn ei ekstra krone som kunne sikra tidlegare byggjestart. Det er beklageleg.

Senterpartiet er klar på følgjande. Prosjektet skal startast opp i 2021.Veg og bane skal byggjast samstundes. Partiet vil sikre fullfinansiering i løp av planperioden.

I Senterpartiet sitt økonomiske opplegg i Nasjonal Transportplan legg vi ikkje berre inn to milliardar meir i første planperiode til jernbane, slik det står skrive ein del plassar. Vi prioriterer fem milliardar meir enn regjeringa i første planperiode til prosjektet, der tre av dei er på veg og to av dei på bane. Med denne modellen skal det etter våre opplysningar vere nok midlar til å finansiere utbygginga med oppstart i 2021.

E16 er svært utsett for ulykker og ras. Senterpartiet tek kravet om å prioritere liv og helse fyrst, på største alvor. Men vi reagerer på at fleirtalet no droppar jernbanesatsinga, og vil framskunde E16 aleine med bompengefinansiering.

Med eit historisk høgt samferdslebudsjett for jernbane, er det uforståeleg at ikkje Bergensbanen og Arna- Stanghelle er med i fyrste periode av Nasjonal Transportplan. Regjeringa, KrF og V prioriterer heilt tydeleg togsatsinga på sentrale austlandet i staden.

H, Frp, KrF og V har ei dårleg sak. Saka deira vert ikkje betre av å angripe parti som faktisk prioriterer heile fellesprosjektet E 16 og Bergensbana Arna- Stanghelle. Det er også rimeleg spesielt å kome med kritikk når dei sjølve vil framskunde byggjestart frå 2024 til 2022 ved å «snu kvar ein stein», som dei skriv i innstillinga.

Regjeringspartia, KrF og V kan forsetje « å snu kvar ein stein» og slik prøve å forsere byggjestart til 2022. Men det hjelper lite å snu steinar i månader, om finansieringa og den politiske prioriteringa manglar.