Denne haustenhar Bygdanytt hatt fleire artiklar med fokus på born og unge si psykiske helse.

I september tok rektorane på Ådnamarka og Lone skule bladet frå munnen, og kritiserte Bergen kommune og staten for manglande satsing på skulepsykologar.

Dei meinte endringar i samfunns— og familiestruktur, samt større forventningspress på dei små, gjorde at behovet for psykologhjelp var langt større i dag enn for nokre tiår sidan.

I dei sisteavisene er det lærarar og elevar på vidaregåande som har kome til orde, og melodien er den same.

På dei vidaregåande skulane i Arna satsar ein no på eit utdanningsprogram for lærarar, slik at dei blir betre rusta til å oppdaga psykiske problem hos elevar på eit tidleg tidspunkt.

Biologisk setthar ikkje menneske forandra seg stort sidan me kraup ut av steinholene, men kulturelt og teknologisk er me i dag lysår unna det miljøet vårt kjenslemessige immunforsvar er bygd for.

Grunnleggjande følelsar som angst, sinne og redsel for å bli støytt ut av flokken, får køyrd seg 24 timar i døgeret på sosiale media – og mest sårbare er dei unge som skal finna fotfeste i ei kaotisk verd.

Verda og samfunnetvårt endrar seg, og teknologilokomotivet styrer farten. Ein er her avhengig av sterke og modige stemmer som skildrar røyndomen frå klasseromma og mobilskjermen. Korleis bevarar jenter på tolv år eit positiv sjølvbilete, når dei fleste av rollemodellane dei ser på skjermane er fotomodellar?

Korleis taklar ein seks år gamal gut at foreldra går frå kvarandre? Det som er sikkert er at svaret er ulikt frå barn til barn, og lærarar med ansvaret for grupper opp til 30 elevar er ikkje utrusta, korkje fagleg eller kapasitetsmessig, til å kunna ta seg av det enkelte barnet slik det fortener.

Terskelen inntil psykologkontora er i dag for høg, og vegen fram er for byråkratisk.

Tida er overmoden for ei fundamental endring av den psykiske førstelinetenesta for unge. Den må ut av kontora og inn i skulen, der borna faktisk oppheld seg.

HelsebyrådHilde Onarheim (H) i Bergen lovar at skulepsykologordninga vil få ein sentral plass i den nye planen om born og unge si psykiske helse neste år.

Me får håpa at det kjem meir enn berre ord.