I staden ønskjer dei å halda besøkstalet på dagens nivå.

Det vil seia omvisning av mellom 600 og 1500 personar i året. I tillegg kjem ein del tilfeldige gjestar som er innom på eiga hand.

Årsaka til standpunktet er at museumsenteret fryktar for stor slitasje på det freda kulturminnet dersom ein opnar for masseturisme.

På Bryggen i Bergen er det 61 freda bygningar. Området står på Unesco si verdsarvliste. Likevel tillet ein at over 500.000 besøkjande i året vandrar innover i dei gamle trelagde smuga.

I dei historiske bygningane blir det drive butikkar, restaurantar, atelier og kontor. Der er eit yrande liv året igjennom, noko som gjev inntekter til det kontinuerlege vernearbeidet som pågår i området.

Så ulikt kan ein altså vurdera vern og bruk.

Vi forstår at dei som eig og driftar kulturlandskapet og bygningsmiljøet på Havrå ønskjer å ta vare på det for komande slekter. Det same vil nok dei som har ansvaret for Bryggen. Det er det som er formålet med fredinga.

Samstundes må Museumssenteret i Hordaland ta innover seg at Havråtunet med sine mange bygningar og smale gater er eit unikt kulturminne, som mange vil ha stor interesse av å besøkja. Men då må det leggjast til rette for det.

Osterøy er dessverre eit u-land i turistsamanheng.

Det er nesten ingen som satsar på turisme som næringsveg. Difor er det smått med marknadsføring av det øya har å by på. Og viss fleire tenkjer som museumssenteret, vil det heller ikkje bli noka turistsatsing.

For slitasje-argumenta kan ein bruka om både Bullahuset, Hamre kyrkje, bygningane på Osterøy museum og naustmiljøet i Mjøsvågen.

Turismen set spor. Det skjønar alle. Likevel er den ei av dei største næringane her til lands. Dei fleste stader gjev turistaktivitetane positive ringverknader som langt overgår dei negative konsekvensane. Det er vi overbeviste om at dei vil gjera på Osterøy også.