Mediebransjen er i ferd med på verte snudd på hovudet. Eller på sida. Eller på hovudet og på sida. Ingen veit heilt sikkert kva endringar som vil skje framover, men vi veit ein heil del om kva som har skjedd.

Bygdanytt har dei siste åra gått gjennom store endringar, og det har nok du som Bygdanytt-lesar merka godt. Endringane vert teke godt i mot, og lokalavisa for Arna og Osterøy har i desse dagar runda ei bøye:

1000 personar har no eit digitalt abonnement på Bygdanytt!

Totalt har vi et par hundre fleire abonnentar enn vi hadde på same tid i fjor. Og det i ei tid der papiropplaget har gått jamt nedover i fleire år. Fortset det slik kan det ende med at Arna og Osterøy er blant lokalsamfunna i Noreg som kan skryte av å ha si heilt eiga, lokale, nyheitsavis - også i framtida.

Sjølv om digitalabonnentane har strøymt på det siste året, er det abonnentar med papiravis-abonnement som framleis er i stort fleirtal. Kvar utgåve av papiravisa hamnar i om lag 3000 postkassar i området vårt.

Dei siste åra har stoff frå Bygdanytt vorte tilgjengeleg på ein heilt annan måte enn før. Faktisk distribuerar Bygdanytt no stoffet sitt - med stort og smått - i 18 publikasjonar, som inkluderar papiravis, digitale aviser, nyheitsbrev, podkast og sosiale medium.

Eirik Langeland Fjeld er redaktør i Bygdanytt.

Vi som arbeider med avisa er stolte av at ho er så livskraftig og til stades som ho er.

Og så er vi veldig klar over at uansett modernisering og digitalisering, så er det tre hovudpilarar i verksemda vår: aktive lesarar, nøgde annonsørar og solid, journalistisk handverk.

Her er Bygdanytt sine 17 publikasjonar:

Papiravis Papiravisa er framleis konge på haugen! Mange vil kjenne papiret mellom fingrane, og du kan jo ikkje fyre i peisen med ei nettavis! Det mange ikkje veit er at alle som abonnerar på papiravisa automatisk har full digital tilgang til Bygdanytt. Det er altså eit digitalabonnement inkludert i prisen for eit papirabonnement.

E-avis Mange likar papiravisa, men er ikkje så opptekne av papiret! Det er det at avisa skal komme ut eit par gonger i veka - til fastsett tid, at ho har ei byrjing og ein slutt og at det går an å bla i ho som er viktig! Då er e-avisa perfekt, for e-avisa er identisk med papiravisa - berre at ho kan lastast ned til mobil, nettbrett eller datamaskin. Mange koser seg med e-avisa på fjellet, i båten eller i Syden.

Nettavis med mobilutgåve Nettavisa er vår mest synlege og suverent mest leste publikasjon. Mellom 4000 og 6000 unike brukarar er innom nettavis og/eller mobilutgåve kvar dag heile året! I snitt per veke er rundt 80 prosent av stoffet no for betalende abonnentar.

Nyheitsbrevet frå Bygdanytt Betalande abonnentar får kvar veke nyheitsbrev frå Bygdanytt med oppsummering av nyheitsbildet dei siste dagane.

Nyheitsbrevet Oster Eit nyheitsbrev som kjem ut sporadisk, med nyheiter og informasjon om og frå Osterøy. Gratis for alle.

Nyheitsbrevet K5 Dette nyheitsbrevet handlar utelukkande om E16 Arna-Voss, Vossebanen og utviklinga aust for Ulriken. Gratis for alle.

Pokasten Oster Høyr, Osterøy! Denne podkasten dreier rundt ordet «kultur» - i vid meining. I løpet av dei 21 første episodane har det vore mange artistar og kulturpersonar i studio, eit par politikarar - og ein historikar som fortel heile Osterøy si historie! Gratis for alle.

Facebook - Bygdanytt Ein god del av lesarane våre får stoffet vårt først gjennom Facebook. Det er når ei sak dukkar opp i feeden, at ho vert synleg for desse lesarane - som kanskje ikkje går så ofte til bygdanytt.no for å finne siste nytt. 8500 personar følgjer no denne Bygdanytt-kontoen på Facebook. Gratis for alle.

Facebook - Bygdanytt sport 750 personar følgjer med på sport i Arna og Osterøy på denne sida. Her er det nyheiter å finne mest kvar einaste dag. Gratis for alle.

Twitter En liten, men viktig kanal for Bygdanytt. Spesielt debattinnlegg og kommentarartiklar er populære her. Gratis for alle.

Instagram Her har vi nettopp runda 1000 følgjarar, og dei som vil sjå bilete fra det vi jobbar med før sakene er publisert lyt følgja med her. Kraftig vekst siste halvanna året! Gratis for alle.

G+ Denne er for eit lite, eksklusivt utvalg lesarar - vi kan nok kalle dei digitale feinsmeckarar. Oppdagar fleire denne etter kvart, eller vil den døy ut? Gratis for alle.

Redaksjonen på Facebook Alle dei fast tilsette i redaksjonen har profil på Facebook:

* Bygdalars

* Reporter-Ronny

* Bygdanytt-Siv

* Bygdanytt-Mads

* Bygdanytt-redaktøren

NB! I haust kjem Bygdanytt-redaktøren til å dukke opp på Snapchat. Testinga er allereie i gang. Gratis for alle.