Tysdag ettermiddag var det lange køar i Arna etter at Arnanipatunnelen blei stengt. Det var også trafikkuhell i Åsane og på E16 mellom Arna og Åsane stod trafikken stille ei stund.

Kartet under viser trafikksituasjonen i Arna akkurat no:

Vegtrafikksentralen meldte klokka 14.40 at Arnanipatunnelen var stengt.

Morten Hansen i Vegtrafikksentralen sa at dei fekk melding om gjenstandar i vegbana, og valde difor å stenge tunnelen.

– Entreprenøren er like rundt hjørnet, så det tek nok ikkje lang tid før tunnelen blir opna igjen, sa Hansen til Bygdanytt klokka 14.45.

Klokka 15.07 meldte Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna igjen.