I september går det mykje omtala sykkel-VM`et av stabelen, og som ei oppkøyring arrangerer Bergens Tidende, Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen, Vestnytt og Midtsiden ein konkurranse om kva kommune eller bydel som er sprekast i bergensområdet. Kvar enkelt bydel i Bergen utgjer eit lag og alle kommunane utgjer også et lag.

Konkurranseperioden er frå 16. august til 16. september, men allereie i dag kan du melde deg på. Gjer det her!

Konkurransen går ut på å vera i aktivitet i flest mogleg minutt. Alle typar aktivitet tel, og minuttane registrerer ein på sprekere.no eller med Sprekere appen. Ein kan også nytte treningsappane Endomondo, RunKeeper eller Strava.

Vinnaren er enkelt og greitt det laget som har flest minuttar med aktivitet i gjennomsnitt. I tillegg blir den sprekaste i kvart lag kåra.

For å halda motivasjonen oppe vil det kvar veke bli også bli trekt premier blant alle dei som klarer vekemåla i løpet av konkurransen.

Måla er:

  • Uke 1: Målet er 350 minutter - trekning 23. august

  • Uke 2: Målet er 700 minutter - trekning 30. august

  • Uke 3: Målet er 1000 minutter - trekning 6. september

  • Uke 4: Målet er 1400 minutter - trekning 13. september

Meld deg på i dag!