Tysdag ettermiddag blei statsminister Erna Solberg (H) møtt av ei bunadskledd Anne Lise Leiren Mastervik på Flesland lufthavn.

Med seg hadde Anne Lise alle dei 10.000 underskriftene aksjonsgruppa Ny E16 Bergen - Voss NO har samla inn for å få fortgang på prosjektet Arna-Voss.

- Statsministeren takka,  tok i mot underskriftene og tok dei med seg på flyet, fortel Leiren Mastervik til Bygdanytt.

Nye løfter om E16 kom det ikkje frå statsministeren, men det hadde heller ikkje Leiren Mastervik forventa.

- Målet i denne omgangen var symboleffekten, fortel ho.

Med på markeringa var også Henning Søvik og Sveinung Riber frå aksjonsgruppa Ny E16 Bergen - Voss NO. På bordet ser me dei 53 lysa og dei 338 steinane. Foto: Privat

338 steinar

For i tillegg til underskriftene var det også tent 53 lys, eit for kvar som har mista livet på vegen dei siste 25 åra.

- To av lysa var større en dei andre, og symboliserer dei to som mista livet på vegen berre no i løpet av siste veka, seier Leiren Mastervik.

Også 338  steinar hadde aksjonsgruppa tatt med seg, ein for kvart ras som har gått på strekninga dei siste 17 åra.

- Det var med glede eg overrekte underskriftene, med sorg eg gav ho lysa og med frykt eg overleverte steinane, oppsummerer Leiren Mastervik.