No får ein i rettferda sitt namn presisera at arnabuen til tider kan vera ein skikkeleg skøyar, og det skjøna nok også gjengen i finn.no ganske raskt.

At det er artige folk som jobbar hos der, kjem vi tilbake til.

Bakdempar

Alt starta med at han skulle selja ein bakdempar, som er ein støtdempar for utforsykling. For dei som har peiling på slike ting, så er det snakk om ein Rockshox Vivid Air R2C.

Men, så annonsen kom ut på finn.no hamna den i feil kategori ved ein feil av finn.no, og då gjekk ikkje særleg lang tid før varsellampene byrja å blinka hos finn.no.

«Forbudt»

Annonsen blei fjerna fordi finn.no meinte at det han prøvde å selja var innan kategorien røykeutstyr, tobakksimitasjonar og tobakkssurrogat.

Og dei la til: «Vi har fått beskjed av Helsedirektoratet om at: «Alle former for reklame for tobakksvarer er forbudt. Det samme gjelder røykeutstyr, tobakksimitasjoner og tobakkssurrogater», (tobakksskadeloven § 22).»

Nøkling medgjev at han blei litt overraska, men han hadde ikkje tenkt å gje opp kampen. Han kom me dette svaret til finn.no:

«Her må vi snakke litt sammen kjære Finn.no. Jeg skal ikke sette meg til doms over hva folk gjør når de er på fest eller "on the sesh", men å anse en Rockshox Vivid Air R2C 2017- BAKDEMPER for utforsykler som "røykeutstyr" er rimelig heftig! Jeg er ikke en gang sint, bare rett og slett ekstremt overrasket.

I kveld har jeg sittet med bakdemperen i hende og vurdert HVORDAN denne kan brukes som røykeutstyr. Den ER tross alt en luftdemper og burde kanskje i teorien (om vi strekker veldig) kunne fungere som en overdimensjonert vannpipe.

Så kjære Finn.no. Kan dere forklare meg hvorfor en superlekker bakdemper for utforsykling er flagget som røykeutstyr, tobakksimitasjoner og tobakkssurrogater? Og om dere fortsatt står på deres, kan dere sende meg oppskrift på hvordan man isåfall fyrer denne opp? Jeg sliter med å få "tak" i den.

Tusen takk for alle svar!»

Fekk herleg svar

Hos rubrikkgiganten skjøna dei raskt at dei hadde tabba seg ut, og kom med dette fantastiske svaret til Nøkling:

«Hei kjære Bjørn Inge! Så fantastisk sporty gjort av deg å ta det på denne måten når jeg har gjort en feil og avvist annonsen din! Jeg har rullet rundt på gulvet av latter i hele dag etter å ha lest innlegget ditt, men nå har jeg endelig fått potetene tilbake på tastaturet igjen og godkjent annonsen din. Bøyer meg i hatten for sånne som deg, love it! Hilsen "Katta i hatten"»

Skøyeren fra Arna la sjølvsagt heile historia ut på facebook, og den har i skrivande stund mange titals delingar og kommentarar. Og tusen likes!

Sjeldan «trombone»

– Dette blei jo ei strålande historie som enda godt. Svara frå finn.no er jo herlege, og det er jo flott at det er ein del humor hos dei også, ler Nøkling.

Nei, dette er ingen trombone eller gigantsigar, «berre» ein sykkeldel, dette også. Foto: Privat

Som om ikkje alt dette var nok, så har han i tillegg lagt ut ein sjeldan «trombone» for sal på finn.no. Dette er altså også ein sykkeldel som han «bles» i. Denne annonsen blei ikkje fjerna av finn.no.

– Men, er sykkeldelane selde?

– Ikkje enno, men det bør dei vel raskt bli etter all merksemda dei har fått, ler Nøkling.