Klokka 0445 rykka naudetatene ut til Valestrand på Osterøy etter melding om bustadbrann.

Då politiet kom fram til Hamrenesvegen, slo dei fast at bustaden var overtent. Det var ikkje mogleg å redda bygget, og brannvesenet gjorde derfor en kontrollert nedbrenning.

– Det var to personar i huset. Dei kom seg uskadd ut, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.

Etterslokking vil halda fram utover dagen. Foto: Anders Totland

Bustaden og garasjen blei tatt av flammene, og bilen som stod der blei totalskadd. Klokka 0554 blei brannen meldt slokna.

– Vi fekk først såkalla trippelvarsling om at det brann i ein garasje i tilknyting til einebustaden. Etter kort tid sa innringaren at flammene hadde antent bustadhuset, som var overtent, opplysar Kronen.

Valestrandbygda vakna opp til eit trist syn på 1. mai Foto: Lars Sveinung Lid

Osterøy, Arna og Åsane

Osterøy brann-redning var først på plass, men fekk også assistanse frå bilar og mannskap frå Arna og Åsane.

– Huset stod i full fyr då me kom fram, og me konsentrerte oss om høgre del av huset som grensa mot nabo for å hindra spreiing, fortel utrykkingsleiar i Osterøy brann-redning, Jan Kenneth Rønnestad.

Brannvesenet blei møtt av huseigar som kunne stadfesta at det ikkje var nokon inne i huset.

Utrykkingsleiar i Osterøy brann-redning, Jan Kenneth Rønnestad på brannstaden. Foto: Lars Sveinung Lid

Vindstille

Sjølve arbeidet med å sløkka brannen gjekk fint. Det var nok vatn tilgjengeleg og heldigvis vindstille – noko som minska spreiingsfaren, fortel Rønnestad.

Brannvesenet blir på staden utover dagen for å driva ettersløkking.

– Veit de noko om årsaka til brannen?

– Nei, det vil eg ikkje spekulera i, seier Rønnestad og legg til at politiet kjem tilbake til brannstaden for å starta etterforskinga når temperaturen er gått såpass ned at det går an å arbeida på brannstaden.

Politiet opplyser til Bygdanytt at dei ikkje kjenner årsaka til brannen, men etterforskar saka.