Dette er resultatet av forhandlingene mellom Bergen kommune, fylkeskommunen og staten om korleis ein skal få inn meir bompengar for å finansiera utbygginga av særleg Bybanen, skriv BT og BA.

Staten skal betala halvparten av utgiftene til vidare utbyging av bybanen i Bergen, resten må kommunen ta.

For å auka inntektene frå bompengane frå dagens 700 millionar kroner årleg til 1,1–1,3 milliard kroner blir det både fleire bomstasjonar og auka prisar.

Det blir lagt opp til 12 nye bomstasjonar, der ein er tenkt plassert på Arnavegen, anten mellom Vågsbotn og Ytre Arna eller mellom Indre Arna og Ytre Arna. Den andre eit stykke forbi Espeland på veg mot Nesttun.

Dyrare for diesel

Staten vil dei neste sju åra bidra med vel tre milliardar kroner for å bygga bybane til Fyllingsdalen, 1,5 milliardar kroner til gang og sykkelvegar, samt 1,4 milliardar kroner i beløningsmidler, som mellom anna skal gå til kollektivtilbod.

Prisane på passering av bomstasjonane vil også gå opp, og litt ekstra for dei som har dieselbil. Dei nye prisane blir 23 kroner utanfor rushtida for bensinbilar, 48 kroner i rushtida. Dieselbilane må betala fem kroner meir enn dette.

Avtalen skal godkjennast av bystyret, før heile bompengepakka skal behandlast av Stortinget. Den nye bompengeordninga kan tre i kraft om eitt år.