Ein mann i 50-åra er kritisk skadd etter ei trafikkulukke i Borgatunnelen på Osterøy, medan ein mann i 20-åra er lettare skadd.

Front mot front

Politiet fekk melding om ulukka kl. 06.27 onsdag morgon.

– Det var ein personbil og ein varebil som kolliderte, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til Bygdanytt.

Ein av dei skadde blei sendt til sjukehus med luftambulanse, den andre med ambulanse.

Det skal berre ha vore ein person i kvar av bilane.

– Etter det me har fått opplyst, skal ulukka ha skjedd omlag 200 meter inn i tunnelen frå Lonevåg-sida, seier Samsonsen.

Ingen av bilane skal ha tatt fyr i samanstøyten.

Store skadar

Ein person sat ei stund fastklemt etter ulukka, og det skal vera snakk om store materielle skadar på bilane.

Politiet gjorde undersøkingar på ulukkesstaden og fylkesveg 567 gjennom Borgatunnelen var stengt heile føremiddagen. Tunnelen blei opna igjen klokka 12.20.