Medan sykkel-VM pågår i perioden 16-24. september spar NSB fram ikkje mindre enn 47.500 ekstra seter.

– Dette er stort, og noko vi i Bergen ikkje har vore med på før. Då skal vi i NSB gjera det vi kan for å bidra til ein smidig transport til og frå sentrum den veka VM varer, seier Henning Lirhus, marknads- og kommunikasjonssjef for NSB Vest.

Topp 23. og 24.

Truleg vil det koma tusenvis av publikummarar som skal til og frå dei ulike arrangementa så lenge sykkel-VM varer.

– Folk frå Bergen og omland liker jo å vera der det skjer, så vi reknar med mange ekstra reisande i toga våre. Difor køyrer vi med ekstra seter i ordinære avgangar og set opp ekstra togavgangar mellom Voss-Arna-Bergen under VM, legg Lirhus til.

Og samla er det altså snakk om over 47.500 ekstra seter i løpet av veka.

Dei ekstra setene og avgangane er planlagte etter dei største hendingane under VM. Det er då snakk om både kulturelle innslag og høgdepunkt i sjølve sykkelkonkurransen.

Særleg reknar NSB med stor pågang frå onsdag 20. september, med ein topp den 23. og 24. september.

Mange på toga

All informasjon om reisa og billettar finn ein hos NSB. Lirhus streker under at NSB har eit godt samarbeid med Skyss og med arrangørene av VM, slik at ekstra kapasitet vil bli sett inn der dei reknar med størst pågang.

– Dei reisande må også vera merksame på at det kan vera ekstra mange reisande i toga våre både morgon og ettermiddag, presiserer Lirhus.

Her finn du programmet under Sykkel-VM.

Her finn du oversikt over trafikkavviklinga under Sykkel-VM.