– Utan Einar hadde ikkje 4H-garden på Garnes vore det den er i dag

  • Etter 45 år på Soltun Gård, også kjend som 4H-garden, bestemte Einar Tvedt seg for å bli pensjonist.

    FOTO: Siv K. Berg

Tidligare forpaktar av 4H-undervisningsgarden på Garnes, Einar Tvedt, har blitt heidra med æresdiplom.

Tvedt vart i sommar pensjonist, men hadde fram til då vore forpaktar av Bergen 4H- og undervisningsgard sidan årsskiftet 1978/1979.

I helga mottok han 4H sin æresdiplom.

Les også

BLIR PENSJONIST: Etter 45 år på Soltun Gård kjenner Einar Tvedt at det er på tide å pensjonere seg. – En lever ikke evig, fastslår han og håper at noen ønsker å ta over driften. For Einar har det vært en givende tid han ikke ville vært foruten.

Gårdskongen takker for seg

Etter 45 år ved Soltun Gård i Arna kjenner Einar Tvedt at det er på tide med en roligere hverdag.

– Utan Einar hadde ikkje 4H-garden på Garnes vore det den er i dag - eit fantastisk bra og godt synleg varemerke for organisasjonen og eit eksemplarisk utstillingsvindauge til landbruket, fortel Turid Sandstad Herland i 4H Hordaland.

Primus motor

HEIDRA: Einar Tvedt har fått æresdiplom frå 4H for sin jobb som forpaktar på 4H-garden på Garnes.

HEIDRA: Einar Tvedt har fått æresdiplom frå 4H for sin jobb som forpaktar på 4H-garden på Garnes.

FOTO: Målfrid Tvedt

Ho beskriv Tvedt som ein primus motor for garden.

Mellom anna blir det påpeika i begrunninga den enorme tida og energien han har lagt ned for å sikre ein trygg og lærerik arena for alle garden sine besøkande.

– Han er imøtekommande og «serviceminded» og legger alltid veldig godt til rette for eit godt samarbeid med kommune og sine samarbeidsorganisasjonar.

16 000 besøkande

Ifølgje Herland er garden på Garnes ein av dei mest erfarne 4H-gardane i landet, og Tvedt deler gjerne sin kunnskap og erfaring med nye gardbrukarar.

Les også

Kjell Martin Myhr er ny forpakter på Soltun 4H-gård på Garnes i Arna.

Her er den nye sjefen på Soltun 4H-gård

For ett år siden kjøpte arnabu Kjell Martin Myhr traktor i påvente av å drive gård i lokalmiljøet. Til høsten blir han ny forpakter av Soltun 4H-gården.

På midten av 90-talet blei garden gjort om til ein 4H-gard, og Tvedt har hatt ansvaret for den daglege drifta av gardsbesøket.

– Sidan den gang har garden vakse seg til å bli eit enormt populært tilbod for Bergen si befolkning, med eit besøkstal rundt 16 000 i året, fortel ho i ei pressemelding til Bygdanytt.