Dømd etter farleg forbikøyring

  • FORBIKØYRING: Her køyrer bussen forbi ATV-en. I motsett køyrebane må ein møtande bil køyra ut i vegskuldra.

    FOTO: UP

Bussjåføren som pressa ein motgåande personbil ut av vegen misser førarkortet i nær eit år, må betale bot og er dømd til fengsel på vilkår.

«Forbikjøringa medførte både fare for medtrafikantar og for bussens passasjerar», fastslår Nordhordland tingrett.

13. mars i år, klokka 07.47 utførte ein Tide-buss ei forbikøyring med svært uheldig resultat.

Rutebussen med fem passasjerar passerte ein ATV på Hannisdalslinja på Osterøy. I motgåande køyrefelt måtte ein personbil «vike kraftig unna» for å unngå samanstøyt med rutebussen.

Tilsto

Bussjåføren vart meld for aktlaus forbikøyring.

Sjåføren tilsto hendinga i Nordhordland tingrett nyleg. Vedkomande hadde sett motgåande trafikk før sjåføren la seg ut for å køyra forbi. Bussjåføren valde å fullføre forbikøyringa i staden for å avbryta og leggja seg over i eige køyrefelt.

Retten la vekt på at skadepotensialet var stort med ein tung og stor buss. Tide-sjåføren vart difor dømd til 21 dagars fengsel på vilkår, 6.000 kroner i bot og er frådømt lappen i elleve månader. Sjåføren må også ta ei ny førarprøve for å få tilbake førarkortet.

— Ein lokalkjend sjåfør kan ofte ha like god vurderingsevne som politiet, sa verneombod Helge Rolland i Tide Buss Lonevåg rett etter hendinga i mars. Han var likevel einig i at dette var farleg for passasjerar og andre bilistar.

Beheld jobben

Sjåføren er framleis tilsett i Tide Buss Lonevåg og vil etter fullført førarprøve få køyra rutebil igjen.

— Det er ein dyktig sjåfør. Dette var ei enkeltsak, seier Helge Rolland, verneombod i Tide Buss Lonevåg.

Etter hendinga fokuserte selskapet på at ein har eit ansvar som krev at sjåførane tenkjer seg om to gongar.

— Alle vurderingar ein gjer på vegen må vera gjennomtenkte, og ein må tenkja fort. Vi må prøva å unngå feil som alle vil gjera i trafikken, før eller seinare, seier Rolland.